Hopp til innhald
Fagartikkel

Berekraftige val

Verksemder må ta berekraftige val for å kunne vere med å bidra til ei berekraftig utvikling. Dette gjeld både i strategiarbeidet og i den daglege drifta. Berekraftsomgrepet omhandlar både sosiale, økonomiske og miljømessige forhold.
Denne videoen gir deg ei rask innføring i kva som er meint med ei berekraftig utvikling. Video: Klipp og lim / CC BY-SA 4.0

Berekraftsdimensjonane

Etiske og ansvarlege val som tek omsyn til sosiale, økonomiske og miljømessige forhold i samfunnet, kallar vi berekraftige val.

Verksemder som tek berekraftige val, tek val som aktivt bidreg til ei berekraftig utvikling. Vi deler berekraft inn i

  • miljømessig berekraft

  • økonomisk berekraft

  • sosial berekraft

I utforming av visjonar, forretningsidéar og overordna mål må verksemder ta val som tek omsyn til alle tre berekraftsdimensjonane. Det same gjeld for utforming av strategiar og val av tiltak i den daglege drifta.

Miljømessig berekraft

Den auka ressursbruken frå ei veksande og stadig rikare befolkning påverkar klimaet og miljøet negativt. Ifølge organisasjonen Global Footprint Network brukte vi i 2022 ressursar som svarer til at vi skulle hatt 1,75 jordklodar å ta av. Dersom alle hadde hatt like høgt forbruk som nordmenn, ville vi ha trunge 3,6 jordklodar.

Dette vil seie at vi i dag bruker for mykje av jorda sin avgrensa ressurs. Sidan forbruket vårt vil gå ut over framtidige generasjonar, er det ikkje berekraftig.

Miljødimensjonen av berekraftsomgrepet handlar om å få til ei utvikling som ikkje øydelegg verda. Her har verksemder eit viktig ansvar. I Noreg har vi lovverk som skal bidra til miljømessig berekraft, mellom anna forureiningslova.

Forureiningslova

Forureiningslova har som formål å redusere forureining, mengda av avfall og å bidra til ei betre avfallsbehandling.

Lovdata.no: Lov om vern mot forurensninger og om avfall (forurensningsloven)

Det er viktig at verksemder tek gode, berekraftige val for å skåne miljøet, også utover det som er lovpålagt. Dei kan til dømes ha fokus på kvalitet framfor kvantitet – for å forlenge levetida til produkta. Vidare kan verksemder velje meir miljøvennlege materiale og meir miljøvennlege produksjonsmetodar.

For miljøvennlege produkt kan verksemder søke om Svanemerket. Vi har òg sertifiseringsordningar som Miljøfyrtårn for verksemder som vel å ta miljøansvar. Standard Noreg, som utarbeider leiingssystem med ISO-standardar, har ein eigen ISO 14000-standard for miljøleiing som verksemder kan følge i miljøarbeidet sitt.

Informasjon om Svanemerket, Miljøfyrtårn og ISO 14000

Svanemerket er eit kjent norsk miljømerke. Svanemerket blir brukt på dei produkta som er mest miljøvennlege innanfor ei produktgruppe. Merket blir brukt på mange ulike varer og tenester. Svana er det offisielle miljømerket i Norden.

Miljøfyrtårn er eit miljøleiingssystem for verksemder som ønsker å dokumentere miljøinnsatsen sin.

ISO 14000 er ein serie standardar som er etablerte for å hjelpe verksemder med å minimere negativ påverknad av miljøet.

Fornybar energi

Ein annan viktig strategi for miljømessig berekraft er å satse på fornybar energi som vasskraft, vindkraft og solkraft. Dette er ressursar vi ikkje kan bruke opp, og samtidig reduserer dei klimautsleppa.

Delingsøkonomi

Å omsetje ledig kapasitet, å selje/leige ut ikkje-utnytta ressursar, kallar vi delingsøkonomi. Ved hjelp av digitale plattformer kan vi leige ut tenester, eigedelar og kompetanse. Døme på dette er Airbnb og Getaround. Konseptet her er at privatpersonar leiger ut høvesvis bustad og bil som står ubrukt. Appen Tise er eit anna døme. Her blir klede som ikkje blir brukt, selde eller leigde ut.

Større innslag av delingsøkonomi vil redusere ressursbruket i verda, sidan fleire forbruker dei same ressursane, og vi får dermed ein miljøgevinst.

Sirkulær økonomi

I ein sirkulær økonomi utnyttar vi naturressursar og produkt på ein effektiv måte i eit lukka krinsløp der færrast mogleg ressursar går tapt.

Vi treng ein overgang til sirkulær økonomi, der mest mogleg av ressursane går tilbake som råvarer i ny produksjon. Ansvarlege verksemder bør ta val som avgrensar skaden på miljøet ved å satse på gjenbruk, redusere råvarebruk, avfall, utslepp og energibruk.

Økonomisk berekraft

Økonomisk berekraft handlar om å ta ansvar for ein stabil, lønnsam og etisk forsvarleg økonomisk vekst over tid. Ressursar må bli brukte på ein slik måte at dagens økonomiske utvikling ikkje går på kostnad av framtidig økonomisk utvikling. Samtidig treng vi lønnsame verksemder for å skape trygge arbeidsplassar, som er ein viktig faktor i krinsløpet til ein moderne økonomi.

For at miljøtiltak, som bruk av fornybar energi, skal vere berekraftige, må dei òg gi økonomisk lønnsemd på sikt. Den økonomiske dimensjonen handlar om å sikre økonomisk tryggleik for alle. For å få det til må vi ha ei meir rettferdig fordeling, spesielt i forhold til fattige land. Fattigdom og forskjellar kan skape konflikt og politisk uro, noko som truar ei berekraftig utvikling.

I fattige land treng vi økonomisk vekst for å skape arbeidsplassar og skatteinntekter som kan finansiere velferdstenester som skular og sjukehus. Verdsbanken er ein aktør som arbeider aktiv mot fattigdomsnedkjemping og auka levestandard for dei fattigaste. Ved hjelp av lån og teknisk bistand ønsker dei å fremme økonomisk vekst i fattige land.

Fairtrade er eit døme på ei internasjonal merkeordning for rettferdig handel, der norske verksemder kan bidra til betre handelsvilkår og arbeidsforhold i fattige land. Denne merkeordninga er derfor ein positiv bidragsytar både for å skape økonomisk berekraft, men òg for å oppnå sosial berekraft.

Sosial berekraft

Den sosiale dimensjonen av berekraftsomgrepet handlar om at alle menneske skal få oppfylt rettane sine for å få eit sømmeleg liv. Å ta vare på menneskerettar er det viktigaste utgangspunktet for dette. Her handlar det til dømes om å gi folk mogelegheit til å gå på skule, utdanne seg og ha eit godt helsetilbod.

Sosial berekraft handlar òg om at alle skal ha anstendige arbeidsforhold med rettferdig betaling. Verksemder må ha kontroll på heile verdikjeda si og sørge for at produktet deira ikkje blir produsert ved hjelp av barnearbeid eller under andre uverdige arbeidsforhold.

Ved omtale av sosial berekraft i klesbransjen har det vore fokus på arbeidsforholda til tekstilarbeidarane. 24. april 2013 kollapsa bygninga Rana Plaza i Bangladesh, der fire tekstilfabrikkar heldt til. Fabrikken produserte mellom anna klede for H&M og Lindex. I ulykka døydde 1138 arbeidarar, og meir ein 2500 blei skadde. Ulykka førte til eit auka internasjonalt fokus på tryggleiken til arbeidarar på tekstilfabrikkar.

I samband med fotball-VM i Qatar 2022 blei det sett søkelys på uverdige arbeidsforhold for migrantarbeidarane i anleggsbransjen som bygde opp fasilitetar til VM.

Sosial berekraft handlar òg om å skape eit inkluderande arbeidsliv, der fleire får mogelegheit til å komme seg ut i arbeid. Som døme har Stormberg eit mål om at minst 25 % av deira tilsette skal vere menneske som har hatt problem med å komme seg ut i arbeidslivet. For å nå dette målet samarbeider dei tett med NAV og sysselset personar som tidlegare har vore uføre, flyktningar eller har ein annan livssituasjon som har gjort det vanskeleg å få jobb.

Kva vil det så seie å ta berekraftige val?

Mange av vala verksemder tek for drifta si, får direkte eller indirekte konsekvensar for berekraftig utvikling. Vi må analysere verdikjeda for å sjå korleis det strategiske valet for verksemda påverkar sosial, økonomisk og miljømessig berekraft.

Livsløpsvurderingar

Verksemder må tenke berekraft i alle ledda i verdikjeda, slik som i dømet i videoen med produksjon av ost nedanfor. For ein meir berekraftig produksjon må vi produsere meir med mindre ressursar. For å få til det må vi mellom anna få ned matsvinnet både i produksjonen og hos forbrukaren.

Korleis kan livsløpsvurderingar hjelpe oss til å ta berekraftige val? Video: NORSUS/Smart Innovation Norway / Avgrensa bruksrett

I dømet med osteproduksjon ser vi at det er ei avveging mellom å få ned matsvinnet hos forbrukar ved å pakke osten i plast mot miljøutfordringane knytte til produksjon av plast. Bør det finnast gode alternativ til plast for å behalde haldbarheita til ost? Dette er eit av spørsmåla vi kan stille oss når vi skal ta berekraftige val for ei verksemd.

Lokal matproduksjon i Noreg er mellom anna miljømessig gunstig fordi vi reduserer transport og dermed utslepp av klimagassar. Men sidan store delar av norsk landbruk er avhengig av statlege overføringar, og dessutan relativt høge prisar til forbrukarane, kan det stillast spørsmål om i kva grad dagens drift av norsk landbruk er økonomisk berekraftig på sikt.

Korleis kan vi vurdere korleis vala til verksemder påverkar sosial berekraft? For produksjonen i Noreg har det vore eit spesielt søkelys på arbeidsforholda til utanlandske sesongarbeidarar, som anleggsarbeidarar og jordbærplukkarar, for å nemne to døme. Verksemder har eit ansvar for å sjå til at norske arbeidstidsavgjerder blir overhaldne, og at arbeidarane får ei anstendig lønn. Dette gjeld òg om dei leiger inn sesongarbeidarane via bemanningsbyrå.

Mange norske verksemder har sett ut produksjonen til lågkostland. For at desse verksemdene skal vere sosialt berekraftige, må dei sjå til at arbeidsforholda i dei lokale fabrikkane er tilfredsstillande.

Klesindustrien som døme

Klesindustrien har vore kjend for overproduksjon og dårlege arbeidsforhold på produksjonsfabrikkane. Korleis kan vi ta gode berekraftige val i denne bransjen?

Vi har fleire døme på verksemder som tenker nytt. Mellom anna er det fleire klesmerker som no tilbyr reparasjon. Til dømes har Northern Playground livstidsservice for kleda dei sel og vektlegg òg slitesterke materiale og tidlaust design, slik at kleda får så lang levetid som mogleg. Reklamefilmen nedanfor viser korleis Northern Playground har bygd forretningsidéen sin rundt eit aukande ønske i samfunnet om å bidra til å redusere klesforbruket i verda.

Tenke berekraft i alle val

The Plastic Bank er eit døme på ei verksemd som tek inn alle dei tre berekraftsdimensjonane. Ved å gjere om plastikk til valuta for fattige som samlar inn plast, blir både plastavfallet redusert, plasten gjenvunne, og dei sosial levekårene for dei fattige blir forbetra. For at The Plastic Bank òg skal vere økonomisk berekraftig, er vi avhengig av at store verksemder vel å kjøpe den resirkulerte plasten.

Å bruke miljøvennlege materiale er eit berekraftig val ei verksemd kan ta. Dei kan òg sørge for å bruke fabrikkar med akseptable arbeidsforhold for arbeidarane. I tillegg kan forretningsidéen legge opp til mindre produksjon av klede, ved til dømes utleige av klede.

I tillegg til sjølv å ta berekraftige val må verksemder stille tilsvarande krav til leverandørane og samarbeidspartnarane sine. Det aukande fokuset på berekraft i samfunnet, og meir transparente verdikjeder, gjer at verksemder er nøydde til å tenke berekraft når det gjeld alle val – for å overleve.

Diskuter med ein medelev

På kva måtar kan verksemder ta berekraftige val?

Stemmer det at verksemder tek fleire berekraftige val no enn tidlegare? Diskuter konkrete døme.

Sentrale omgrep

Kjelder

FN-sambandet. (2021, 28. oktober). Bærekraftig utvikling. https://www.fn.no/tema/fattigdom/baerekraftig-utvikling

FN-sambandet. (2022, 12. september). Organisasjoner, fond og program: Verdensbanken.
https://www.fn.no/om-fn/fns-organisasjoner-fond-og-programmer/verdensbanken

WWF. (2022). Klima og miljø: Earth overshoot day. https://www.wwf.no/klima-og-energi/earth-overshoot-day