Hopp til innhald
Oppgåve

Norsk matvareindustri

Vi får stadig høyre at vi bør kjøpe norsk, kortreist mat. Men korleis står det eigentleg til med norsk matvareproduksjon?

Oppgåve 1. Er matvareindustrien berekraftig?

Norsk matvareindustri bruker aktivt kvalitet og berekraft i marknadsføringa si. Industrien har fokus på innovasjon og bruk av lokale råvarer. Dette kombinert med strenge krav til mattryggleik har gitt norsk matvareindustri eit godt omdømme både nasjonalt og internasjonalt.

  1. Bruk kjeldene nedanfor til å undersøke om norsk matvareindustri er så etisk, kortreist og miljøvennleg som han blir framstilt i marknadsføringa. Skriv ned argument som taler for og i mot.

  2. Dei seinare åra har det i Noreg vore eit aukande fokus på berekraft. Drøft om de synest dette blir spegla i kjeldene nedanfor, som er frå høvesvis 2021, 2019 og 2007.

  3. Diskuter i klassen:
    Er norsk matvareindustri berekraftig?

Undersøkande kjelder om norsk matvareindustri
  • Dokumentaren Smaken av hund er frå 2007 og belyser korleis maten faktisk blir produsert samanlikna med det som blir sagt i marknadsføringa (filmen varer i 1 time og 10 minutt):

Oppgåve 2. Gilde

I 2019 gjekk Gilde ut med følgande bodskap i reklamekampanjar: "Står det Gilde på pakka, skal du være trygg på at kjøttet er norsk, og at dyra har det bra." I 2021 kom innrømminga om .

  1. Bruk minst tre av kjeldene nedanfor og drøft og vurder Gilde sitt arbeid med berekraft og samfunnsansvar.

  2. Vurder Gilde si utøving av samfunnsansvar opp mot omdømmet til verksemda.

Tips til kjelder

Dagens Næringsliv: Innlegg: Nortura gir oss et skrekkeksempel på grønnvasking

Dagens Næringsliv: Innlegg: Ja, det var grønnvasking

Gilde: Dyrevelferd

Gilde: Bærekraft

KOM24: – Vi ble tatt med buksa nede

Gilde er eigd av Nortura SA. Nortura SA er eit resultat av fusjonen mellom Gilde Norsk Kjøtt BA og Prior Norge BA.

Oppgåve 3. Drøft utfordringar i matvareindustrien

  1. I skjemaet nedanfor skal du skrive inn korleis matvareindustrien påverkar dei tre berekraftsdimensjonane økonomi, miljø og sosial berekraft.

  1. Drøft ut frå det utfylte skjemaet korleis matvareindustrien påverkar berekraftig utvikling.

  2. Drøft ulike tiltak for å gjere matvareindustrien meir berekraftig.

Oppgåve 4. Berekraftige val

Analyser berekraftsprofilen til to bedrifter.

Berekraftsprofilen til Tine

Berekraftsprofilen til Synnøve Finden

  1. Beskriv likskapar og ulikskapar.

  2. Kven synest de presenterer seg best på berekraft? Grunngi svaret.