Hopp til innhald
Oppgåve

Podkast om grøn vekst

Lytt til podkasten med Olav Bjerke Soldal frå BI og Marie Storli frå Rethinking Economics Norge i samtale med programleiar Berit Boman. Dei snakkar om grøn vekst, og kva som skal til for å skape ei berekraftig utvikling. Ta notat undervegs og ha ein felles refleksjon og diskusjon i klassen etterpå.

Lytt til podkasten

Logo for podkastserie. Kvinne og mann diskuterer og gestikulerer. Øvst er det ei snakkeboble med tittelen "Samsnakk". Illustrasjon.
Samsnakk

Grøn vekst eller nedvekst?

Er ein grøn vekst mogleg? Eller må vi gå bort frå idéen om vekst og heller satse på nedvekst om vi skal skape ei berekraftig utvikling? Programleiar Berit Boman snakkar med Marie Storli og Olav Bjerke...

0:00
-0:00
Podkast: Både Og AS / CC BY-SA 4.0

Kva med å høyre på podkasten mens du går ein tur eller set deg ut i sola? Noter nøkkelord undervegs mens du lyttar og skriv eit samandrag etterpå.

Ramma nedanfor kan vere aktuell å bruke for å ta notat. Viss du går ein tur når du lyttar, kan du notere nøkkelord og notat på mobiltelefonen undervegs.

God lytt!

Felles refleksjon og diskusjon i klassen

  1. Set opp nøkkelord frå podkasten på tavla.

  2. Diskuter omgrepa:

    – berekraftig utvikling

    – dei tre berekraftsdimensjonane

    – sirkulær økonomi

    – grøn vekst

  3. Diskuter forholdet mellom økonomisk vekst og berekraftig utvikling.

  4. Diskuter utsegna til Marie Storli: "Eg er kritisk til grøn vekst, men vi treng det."

  5. Foreslå ulike berekraftige val som kan bidra til ei meir berekraftig utvikling.

  6. Diskuter kva de lærte av denne podkasten.