Hopp til innhald

Fagstoff

Samfunnsansvar

Kva vil det seie at ei verksemd tek samfunnsansvar? Vi skal her sjå på samfunnsansvaret for verksemder ut frå eit etisk, lovmessig og forretningsmessig perspektiv.

Kva inneber det å ta samfunnsansvar?

Det er mange ulike måtar for ei verksemd å ta samfunnsansvar på. Å respektere menneskerettane, unngå skadeleg miljøpåverknad, sikre gode arbeidsforhold, motverke korrupsjon og bidra positivt til omgivnadene både lokalt og globalt er alle døme på korleis ei verksemd kan ta samfunnsansvar.

Å ta samfunnsansvar handlar altså om å ta gode, etiske og berekraftige val gjennom heile verdikjeda, slik at verksemda gjer minimal skade på menneske, miljø og samfunn.

Å ta samfunnsansvar kan til dømes innebere at verksemder som produserer klede, bidreg til rettferdig lønn og gode arbeidsforhold som er i tråd med FNs menneskerettsprinsipp, og at matvareprodusentar rettar seg inn mot dyrevennleg produksjon.

Verksemder bør reflektere over

  • korleis dei kan skape og tilby produkt og tenester som kjem fellesskapen til gode

  • kva prosjekt og tiltak dei kan setje i gong for å bidra positivt til omgivnadene både lokalt og globalt

  • om det er riktig å flytte produksjonen til eit lågkostland

  • i kva grad dei som verksemd bidreg til å innfri FNs berekraftsmål

I videoen under formidlar Kavlifondet at dei tek samfunnsansvar ved å gi heile overskotet til gode formål innan humanitært arbeid, forsking og kultur. Dette blir mellom anna illustrert med bilete av barn som leikar, forskarar og unge talent. Målet deira er å gi til gode formål som kan skape positive ringverknader i livet til menneske, i nabolag og i storsamfunnet for på den måten gi håp, støtte og spreie glede, inspirere og inkludere.

Samfunnsansvar og etikk

Verksemder som tek samfunnsansvar ut ifrå eit etisk perspektiv, opptrer på ein rett, reieleg og rettferdig måte.

Den norske regjeringa har ei forventning om at norske verksemder skal vise ansvar for menneske, samfunn og miljø som blir påverka av verksemda deira. Dette beskriv dei i artikkelen "Ansvarlig næringsliv" på regjeringen.no.

Verksemder har ei moralsk forplikting til å ta vare på menneskerettar, arbeidsforhold og miljø og kjempe mot fattigdom og korrupsjon. Dette kan vere spesielt utfordrande for bedrifter som har produksjon eller leverandørar i land utan eit like godt regulert arbeidsliv som Noreg.

Korleis verksemda påverkar miljø og klima, er ei anna etisk utfordring. Noregs olje- og gassproduksjon byr på fleire etiske problemstillingar. Til dømes må vi vurdere kva miljøkonsekvensar utbygging av nye felt vil ha.

Ofte er det ulike etiske omsyn som må vurderast opp mot kvarandre. Då får vi gjerne det vi kallar eit etisk dilemma, der det er vanskeleg å finne gode løysingar som ikkje går på kostnad av noko. Det kan til dømes vere vanskeleg for verksemder å navigere rett i land der er utbreidd. Til dømes kan ein hjelpeorganisasjon måtte velje mellom å betale stikkpengar for å få levert naudsendingar eller å avstå frå å hjelpe.

Kort levetid på produkt – er det etisk rett?

Fleire produkt er produserte med såkalla "planlagd forelding". Når produsenten planlegg forelding, bygger dei inn svakheiter i produktet som gjer at forbrukar må skifte det ut tidlegare enn nødvendig.

Mobiltelefonar er eit døme på eit produkt som truleg mange produserer med ei planlagd forelding. Mykje tyder på at mellom anna batterikapasiteten blir svekt fortare enn kva som er nødvendig. Dei fleste mobiltelefonar er òg produserte på ein slik måte at det er vanskeleg å skifte ut delar som kan gå i stykke, som til dømes batteri. Då vel fleire å skifte telefon i staden for å få han reparert.

Mobiltelefon, nettbrett og pc i stabel. Foto.

I nye utgåver av mobiltelefonane kjem det stadig nye funksjonalitetar, noko som er ei anna form for planlagd forelding. Det at utvikla teknologi "blir spart" til seinare modellar, gjer at mobiltelefonar fortare blir opplevd som forelda.

At mobiltelefonar blir produserte med ei planlagd forelding, gjer det spesielt problematisk med tanke på dei etiske utfordringane knytte til produksjon av telefonane, som utvinning av metall og gruvedrift.

Eit anna døme på planlagd forelding er tynne strømpebukser, som raknar fort. Dette står i motsetning til då nylonstrømpene kom på 1940-talet, og dei var så sterke at dei kunne bli brukte til å taue bilar med.

Drøft

"Alle produsentar bør slutte med å forkorte levetida til produkt gjennom planlagd forelding."

Dokumentarfilm om planlagd forelding

Lyspærene seiast å vere blant dei første døma på planlagd forelding. Levetida til lyspærene blei forkorta på 1920–30-talet for å auke etterspørselen og få kontroll på verdas lyspæremarknad. På ein brannstasjon i USA har dei ei lyspære som har lyst i over 100 år.

Dokumentaren " The Light Bulb Conspiracy" (med den norske tittelen "Garantert kort levetid") handlar om korleis produsentar gjennom tidene har redusert levetida på produkt for å auke kjøpehastigheita. Filmen kan lastast via AV Sentral av læraren.

Lovpålagt samfunnsansvar

Norske styresmakter pålegg verksemder å ta samfunnsansvar i ulike lover og forskrifter. Dette kallar vi samfunnsansvar ut i frå eit lovmessig perspektiv. Eit døme er forureiningslova som regulerer utsleppet for verksemder.

Store norske verksemder er òg pliktige til å rapportere på menneskerettar, arbeidsrettar og sosiale forhold, ytre miljø og nedkjemping av korrupsjon. Dette er i samsvar med Rekneskapslovas § 3-3C på Lovdata.no. I 2022 blei krava ytterlegare skjerpa ved innføring av som pålegg store verksemder å gjere varsemdvurderingar. Les meir om openheitslova i eigen artikkel.

Arbeidsmiljølova regulerer arbeidslivet og inneheld avgjerder om arbeidstid og overtidsbetaling. Men vi har ikkje minstelønningar i Noreg, så det å betale utanlandske arbeidarar lågare lønn, såkalla sosial dumping, er i utgangspunktet ikkje ulovleg, men kan vere uetisk. Sosial dumping er ofte òg assosiert med dårlege arbeidsforhold som kan vere i strid med arbeidsmiljølova og dermed ulovleg.

Samfunnsansvar og lønnsemd

For at verksemder skal kunne bidra til samfunnet med arbeidsplassar og skatteinntekter, må dei vere lønnsame. Det kallar vi å ta samfunnsansvar ut frå eit forretningsmessig perspektiv.

Kundane i framtida krev at verksemder tek samfunnsansvar. Mykje tyder på at dei verksemdene som lykkast med eit grønt skifte, blir vinnarane i framtida. For verksemder er det derfor viktig å utvikle og vise vegen til nye, betre og meir berekraftige løysingar. Ein av dei sterke trendane no er å bygge ei merkevare som blir assosiert med samfunnsansvar.

Trippel botnlinje

Det økonomiske resultatet for ei verksemd blir ofte kalla for botnlinja. Saman med fokus på berekraft fekk vi omgrepet trippel botnlinje. Med det meiner vi at i tillegg til å sjå på det økonomiske resultatet frå verksemda, må vi òg sjå på om verksemda er sosial- og miljømessig berekraftig.

Den triple botnlinja består altså av tre grunnpilarar:

  • menneske/samfunn – sosial berekraft

  • miljø – miljømessig berekraft

  • økonomi/lønnsemd – økonomisk berekraft

Verksemda sin påverknad og ansvaret deira for menneske gjeld både internt i verksemda og eksternt i samfunnet. Dette kan til dømes dreie seg om gode og sikre arbeidsvilkår for tilsette eller bidrag til fattige barn i utviklingsland.

Verksemder må òg jobbe for å minimere negativ påverknad eller skade på klima og miljø.

Figur med tre delvis overlappande sirklar som representerer høvesvis miljø, samfunn/menneske og økonomi. Der miljø og samfunn/menneske overlappar kvarandre, har vi eit område som er akseptabelt. Området der samfunn/menneske og økonomi overlappar, har vi rettferd, mens området der økonomi og miljø overlappar, har vi gjennomførbart. Området der alle sirklane overlappar, er berekraftig.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Samfunnsansvar oppsummert som ein pyramide

Den amerikanske professoren Archie Carroll illustrer samfunnsansvar som ein pyramide, der ansvarsområda for verksemdene omfattar:

  • økonomisk ansvar: vere lønnsam

  • juridisk ansvar: lyde lova

  • etisk ansvar: gjere det som er rett og rettferdig

  • sk ansvar: verksemda som ein god samfunnsborgar

Pyramiden for samfunnsansvar: Frå botnen: økonomisk ansvar, juridisk ansvar, etisk ansvar, filantropisk ansvar
Opne bilete i eit nytt vindauge

Verksemdas økonomiske ansvar inneber å forvalte tilgjengelege ressursar slik at det blir generert overskot. Dette blir òg omtalt som økonomisk berekraft.

Juridisk ansvar inneber at verksemder er forplikta til å følge lover og reglar, som er den lovmessige sida av samfunnsansvaret.

Etisk ansvarlegheit inneber at bedriftene bør gjere meir enn det lova krev. Verksemder bør navigere ut frå gode etiske normer og verdiar. Dei to øvste nivåa av pyramiden tek begge for seg det etiske perspektivet av samfunnsansvar.

I denne framstillinga har Coroll vald å skilje ut filantropisk ansvar som eit eige nivå, der filantropisk ansvar inneber at verksemder blir oppmoda til å bidra til ei positiv samfunnsutvikling. Det kan til dømes vere å støtte opp om humanitært arbeid og ulike kulturelle og sosiale formål.

Tenk over

Kva for døme på filantropisk ansvar såg du i videoane i innleiinga frå høvesvis Stormberg og Kavlifondet?

Verksemder som tek gode og berekraftige val og viser samfunnsansvar ut frå eit etisk, lovmessig og forretningsmessig perspektiv, er positivt for menneske, miljø og samfunn. Samtidig kan det å ta samfunnsansvar vere eit middel for langsiktig lønnsemd.

Å ta samfunnsansvar handlar altså om å ta gode, etiske og berekraftige val gjennom heile verdikjeda, slik at ein gjer minimal skade på menneske, miljø og samfunn.

Døme på utøving av samfunnsansvar

Fleire og fleire verksemder innrettar verksemda si ut frå gode etiske haldningar, slik at ho skal komme tilsette, lokalsamfunn og miljøet til gode. Dette inneber at dei er opptekne av å utvikle produkt, tenester, produksjonsmåtar og forretningspraksis som bidreg til å løyse sosiale og miljømessige utfordringar i samfunnet.

Posten

Posten er oppteken av å nå klimamål og ønsker å bidra til at fleire verksemder skal trappe opp klimasatsinga si. "Klimaindeksen 2022" på PwC.no viser at blant dei 100 største norske verksemdene, er det berre 10 som faktisk kuttar utslepp i samsvar med måla som er sette i Parisavtalen, blant dei Posten.

I Postens julefilm frå 2022, Father Christmas and Mother Earth, blir klimakampen framstilt som ei kjærleikshistorie.

Meir om samfunnsansvar hos Posten

Slik jobber Posten med klima og miljø

Krav til arbeidsforhold, miljø og etikk

Vårt arbeid med Åpenhetsloven

Bærekraftrapport for 2021

Bærekraft i bedriften – Slik kommer du i gang

Kommunal landspensjonskasse (KLP)

I videoen under ser vi korleis KLP (kommune- og helse-Noregs eige pensjonsselskap) tenker rundt samfunnsansvar. Dei seier at samfunnsansvar i KLP har to mål:

  1. bidra til ein berekraftig offentleg sektor

  2. integrere berekraftig og ansvarleg forretningsdrift i alle arbeidsprosessar

KLP er medlem av UN Global Compact Norge, eit FN-initiativ der verksemder frivillig forpliktar seg til å støtte internasjonale menneskerettar, jobbe mot korrupsjon, respektere arbeidstakarrettane og verne om miljøet. Som ein stor pensjonsforvaltar er det gjennom investeringane dei kan påverke mest.

I filmen nedanfor høyrer vi Eli Bleie Munkelien, direktør for samfunnsansvar i KLP, fortelje om kva KLP gjer for å ta samfunnsansvar. Temaet blir illustrert med ein jordklode og med bilete frå mellom anna ein prematuravdeling, ein risplantasje, børsen og miljø-øydelegging i form av steinras.

Meir om samfunnsansvar hos KLP:

Vimeo: KLP Samfunnsansvar januar 2020

Vimeo: KLP Samfunnsansvar – profilfilm 1

Les om korleis KLP tek samfunnsansvar på KLP.no

Kjelde

Carroll, A. B. (2016). Carrolls pyramid of CSR: taking another look. International Journal of corporate social responsibility. Henta 19. januar 2023 frå https://jcsr.springeropen.com/articles/10.1186/s40991-016-0004-6

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng og Tone Hadler-Olsen.
Sist fagleg oppdatert 13.04.2023

Læringsressursar

Berekraft og samfunnsansvar