Spel, ta val og diskuter berekraft og samfunnsansvar
Jeopardy er eit spel der elevane kan konkurrere med kvarandre. Det er om å gjere å stille dei rette spørsmåla til svara i Jeopardy-brettet og få flest poeng.
Gjennomføring av spelet
Spelet startar med at de blir delte inn i grupper, som får tildelt kvar sin lyd.
Gruppa som startar konkurransen, får velje ein kategori og ein vanskegrad, til dømes “Distribusjon 200”.
Læraren les opp svaret, og den første gruppa som lagar lyden sin, får stille spørsmålet.
Svarer gruppa med riktig spørsmål, får dei tildelt dei poenga som denne luka har. Dei får òg velje neste luke som skal opnast.
Svarer gruppa feil (hugs at om de gløymer spørsmålsformulering, blir det automatisk rekna som feil), blir dei trekte dei poenga som står på luka. Dei andre gruppene kan deretter få lov til å svare.
Laget som har flest poeng når alle lukene er opna, har vunne! 🎉
Handelsspelet er eit interaktivt spel om det globale handelssystemet. Spelet viser korleis ulike føresetnader og urettferdige strukturar fører til auka forskjell mellom land, og korleis produksjon og handel kan føre til klimaendringar.
Gjennomføring av spelet
Spelet kan brukast til ulike tema. På førehand bør de ha jobba med det temaet de vil bruke i spelet. Lenger nede finn de eksempelressursar til temaet plast.
Gjennomføring av spelet
Spill PlayDecide og diskuter eit valt tema.
Spelereglar og spelmateriell til PlayDecide finn de i artikkelen "Spel PlayDecide!"
Etter ein introduksjon av temaet fordeler spelarane seg i grupper. Alle spelarane skal ha eit spelebrett framfor seg. Spelkort og anna spelmateriell skal plasserast midt på bordet. Dei ulike spelkorta skal gradvis fylle opp spelebrettet.
Saman skal de diskutere dykk fram til eit felles standpunkt om temaet. Finn ut kva du sjølv meiner, lytt til dei andre og forsøk å bli einige om eit standpunkt.