Hopp til innhald

Plasten – populær og problematisk

Få materiale har påverka liva våre i så stor grad som plasten. Den har gjort det mogleg å lage både billegare og meir haldbare produkt, men dei siste tiåra har problematiske sider ved plasten komme til overflata. Kva er bra med plast? Korleis blei plast eit problem? Har plasten ei framtid?

Dykk ned i temaet

Finn ut kva plast er

Omgrepet plast blir brukt på ei rekkje ulike materiale med nokså ulike eigenskapar. De skal diskutere, undersøkje kjelder og gjere praktiske forsøk for å finne ut kva plast eigentleg er.

Utforsk problem og løysingar

Det de finn ut, bruker de til å gå i djupna på problem og løysingar knytte til bruk av plast. De vel sjølv kva fokus de vil ha. Kanskje de vil sjå på plast knytt til ulike yrke? Eller kanskje de heller vil jobbe med den plasten vi alle møter til dagleg?

Skrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 27.08.2020