Hopp til innhald
Fagartikkel

Grønvasking og grønvaskingsplakaten

Kva er grønvasking, og kvifor er det eit problem at nokre prøver å grønnvaske? I denne artikkelen skal vi sjå nærare på grønvasking og grønvaskingsplakaten.

Kva er grønvasking?

Grønvasking er når bedrifter lagar misvisande marknadsføring der dei prøver å verke grønare, meir miljøvennlege og meir berekraftige enn dei eigentleg er. Det handlar altså om at bedrifter prøver å gjere seg attraktive for kundar og selje meir ved å påstå at dei er grøne, miljøvennlege og berekraftige, utan at dette stemmer.

Viss ei bedrift påstår at produktet deira er klimavennleg eller laga med berekraftige materiale, utan at dei dokumenterer dette på noko vis, er det sannsynlegvis grønvasking. Eller viss ei verksemd har store klimagassutslepp og er lite miljøvennleg, men bruker heile marknadsføringa si på å vise at dei bidreg med å plukke plast på stranda, vil dette vere grønvasking. Då prøver verksemda å gi eit inntrykk av at dei er mykje meir klimavennlege, miljøvennlege og berekraftige enn dei eigentleg er.

Grønvaskingsplakaten

Grønvaskingsplakaten er eit samarbeid mellom Skift, Miljøstiftelsen Zero, WWF og Framtiden i våre hender. Dei har valt å definere grønvasking breitt. Det vil seie at dei ikkje berre ser på grønvasking knytt til miljø og klima, men dei tek med alle dimensjonane ved berekraftig utvikling. Dei ønsker å femne om alle dei 17 berekraftsmåla FN har laga.

Grønvaskingsplakaten er laga for å hjelpe små og store verksemder slik at dei unngår grønvasking og heller bidreg til eit grønt skifte. Grønvaskingsplakaten har ti punkt som seier noko om korleis verksemder kan unngå grønvasking. Her er dei ti punkta:

  1. Ver ærleg og påliteleg.

  2. Pass på at berekraftsarbeidet ikkje berre skjer i kommunikasjons- og marknadsavdelinga.

  3. Ver varsam med å snakke om viktigheita av berekraft, natur, klima, menneskeverd og etisk handel, dersom ein sjølv ikkje har teke reelle grep.

  4. Unngå å tåkelegge eller underkommunisere eigne utslepp og negative avtrykk på klima, natur og menneske.

  5. Ver varsam med å bruke ein stor del av marknadsføringsbudsjettet på små tiltak som ikkje gjer noko med det vesentlege fotavtrykket.

  6. Unngå å kjøpe godt samvit gjennom klimakvotar eller ved å la andre plukke plast.

  7. Bruk dei etablerte merkeordningane, eller jobb for å etablere gode merkeordningar på tvers av bransjen din dersom det manglar.

  8. Ver varsam med uttrykk som "betre for klima", "betre for naturen", "betre for miljøet" osb.

  9. Ver varsam med å marknadsføre verksemda berre på berekraftsmål ho er god på.

  10. Ver varsam med å bruke donasjonar og sponsorat som bevis på at du jobbar med berekraft.

Du kan lese litt meir om dei ulike punkta på nettsida til grønvaskingsplakaten.

Relatert innhald

Oppgåver og aktivitetar
Jakta på grønvaskarar

I denne oppgåva skal du avsløre bedrifter som driv med grønvasking.

Fagstoff
Berekraftspåstandar i marknadsføring

Forbrukartilsynet har utarbeidd ein eigen rettleiar for korleis berekraftspåstandar kan, og ikkje kan, brukast i marknadsføring av varer og tenester.