Klesindustrien og klesmerket THUN
I nyheitsinnslaget ovanfor kan vi sjå utfordringane med klesindustrien og fast fashion. Jobb vidare med klesindustrien og dei utfordringane som følger med han. Vel tre av kjeldene nedanfor og set opp ei liste over utfordringar som blir belyste:
Artikkel: Helseskadelig produksjon av klær
Artikkel: Aleksandra Joners klessjokk
Artikkel: Jenny Skavlan om tekstilindustri
NRK: Fast fashion – planetens siste skrik?
NRK: På "klesindustriens kirkegård" i Chiles ørken
NRK: Ekko – samfunnspodden: Bærekraftig klesbransje, del 1: Forbruket
NRK: Ekko - samfunnspodden: Bærekraftig klesbransje, del 2: Miljømerking
NRK: Ekko - samfunnspodden: Bærekraftig klesbransje, del 3: Reparasjon
NRK: Ekko - samfunnspodden: Bærekraftig klesbransje, del 4: Plastklær
NRK: Ekko - samfunnspodden: Bærekraftig klesbransje, del 5: Digital design
Dokumentar som kan lastast ned av lærar via AV Sentralen: AV SENTRAL: Stacey Dooley – Sannheten om klesindustrien
I skjemaet nedanfor skal du skrive inn korleis klesindustrien påverkar dei tre berekraftsdimensjonane: økonomi, miljø og sosial berekraft.
Drøft ut frå det utfylte skjemaet korleis klesindustrien påverkar berekraftig utvikling.
Drøft ulike tiltak for å gjere klesindustrien meir berekraftig.
Filer
I denne fiktive casen er Grete Thundal ein kjend influensar som tek miljøet på alvor. Ho ønsker å bidra positivt i verda ved å lansere sitt eige klesmerke. Merket skal heite THUN, ta utgangspunkt i det nordiske og ha miljøet og samfunnsengasjement som ein sentral verdi.
Grete Thundal ønsker å skape klede av høg kvalitet, og ho vil legge noko av produksjonen i Noreg og resten til utlandet. Målet er at kundane skal tenke meir på kvalitet enn på kvantitet og kjøpe plagg som er slitesterke og varer lenger. THUN ønsker spesielt å nå ut til ungdommen med bodskapen om eit berekraftig forbruk basert på resirkulerte materiale.
I oppgåvene nedanfor skal du ta utgangspunkt i den fiktive casen om klesmerket THUN, samtidig som du tek eigne føresetnader og val for verksemda.
Drøft THUN sitt samfunnsansvar ut frå eit etisk og forretningsmessig perspektiv.
Vurder berekraftige val for THUN med tanke på sosiale, økonomiske og miljømessige forhold.
Vurder THUN sitt fokus på berekraft og samfunnsansvar opp mot omdømmet for verksemda.
Drøft følgande påstandar:
“Verda treng ikkje eit nytt klesmerke. Det er allereie overflod av klede."
“Ingen klesproduksjon kan kallast berekraftig."