Hopp til innhald
Oppgåve

Grøn vekst

I denne oppgåva skal de ta utgangspunkt i ei valfri verksemd og vurdere moglegheiter for å ta berekraftige val som kan gi grøn vekst. Omgrepet grøn vekst inneber å auke verdiskapinga med mindre samla miljøbelastning.

Trappa for grøn vekst

Trappa for grøn vekst er utvikla av klimapsykolog Per Espen Stoknes. Trappa kan brukast som eit strategisk verktøy for å gjere systematiske endringar i verksemda. På den måten kan berekraftige val gjennomførast trinn for trinn. For kvart trinn aukar kompleksiteten, og berekraft blir meir integrert i verksemda.

Trinna i trappa
  1. Utvendig: Søk partnarskap med andre som jobbar for berekraft ved til dømes å melde verksemda inn i ei bransjeforeining for berekraft og støtte initiativa deira.

  2. Husreingjering: "Rydd i eigne skap" ved å redusere utslepp og avfall frå eigne bygg og anlegg.

  3. Leverandørkrav: Samarbeid og still berekraftige krav til selskapa i leverandørkjeda.

  4. Driftsomlegging: Korleis kan bedrifta levere mest mogleg verdi med minst mogleg ressursar? Det kan til dømes innebere å forandre på produksjonsprosessar.

  5. Produktportefølje: Forny produktporteføljen ved å designe og utvikle nye produkt og tenester som er økoeffektive.

  6. Forretningsmodell: Skap ein ny forretningsmodell og legg om heile verksemda med berekraft som hovuddrivkraft.

Oppgåve

Jobb gjerne i par.

  1. Finst det verksemder som de tenker oppnår økonomisk vekst på kostnad av berekraftig utvikling? Utforsk ulike verksemder, til dømes innan kles-, mobil- eller kraftbransjen, og vel ut ei verksemd som de vil sjå nærare på i denne oppgåva. Grunngi valet av verksemd.

  2. Vurder kva utfordringar verksemda har med tanke på dei tre berekraftsdimensjonane økonomi, miljø og sosial berekraft, og skriv dei inn i skjemaet nedanfor.

  3. Bruk trappa for grøn vekst og vurder for kvart trinn moglegheiter for å ta berekraftige val som kan gi grøn vekst.

  4. Kva berekraftige val meiner de er dei viktigaste verksemda bør gjennomføre? Grunngi.

Kjelde

Stoknes, P. E. (2020). Grønn vekst – en sunn økonomi for det 21. århundre. Tiden Norsk Forlag.