Hopp til innhald

Fagstoff

Kunnskap om kunden

Kreativ tenking handlar ofte om å finne løysing på eit problem eller ein situasjon, for å skape noko som skal passe til ei gruppe menneske eller ein kunde. Du må kjenne til målgruppa og ønska og behovet til kunden. Då bør du øve opp evna til innleving og forståing.
Smilande mannleg kunde hos frisør. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Målgruppe

Målgruppe er ei gruppe eller kategori av personar med nokre fellestrekk. Ein ungdom, eit barn og ein eldre mann vil som oftast ha heilt ulike ønske og behov når dei er hos frisøren. Målgrupper blir danna ved at du deler menneske inn i grupper ut frå ulike kriterium som kjønn, alder, inntekt, utdanning og bustad. Du kan òg sjå på ulike haldningar, interesser og livsstilen til kunden.

Refleksjonsoppgåve

  1. Tenk over korleis, og om du sjølv automatisk endrar måten du snakkar og opptrer, i møte med ulike grupper av menneske.
  2. Korleis kan du ta imot ulike kundar med ulike behov, ulik kulturell bakgrunn og i ulike livssituasjonar i yrket ditt?
Smilande menneske i ein ring mot kamera. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kunnskap om kunden

Først og fremst handlar det om å innhente så mykje informasjon og kunnskap som mogleg frå kunden og målgruppa. Dersom du er blomsterdekoratør, og kunden din er ei kommande brur, må du stille kunden viktige spørsmål for å avklare kva stil, fargar og blomstrar ho ønskjer. Som frisør må du kombinere informasjon og inntrykk du får i samtale med kunden, og erfaringa di med ulike mennesketypar, for å forstå kva det er kunden i stolen ønskjer frå deg.

Kanskje kjem brura til deg for å få sauma draumekjolen sin, eller tinge invitasjonar og andre trykksaker? Ho ønsker òg ein fotograf som kan forevige dagen akkurat slik ho ser for seg. Då må du forstå kunden og bestillinga, kunne leve deg inn og forstå ønska og behovet hennar. Du må kombinere den faglege kompetansen din med informasjonen om kunden.

Ein blomsterdekoratør som tek imot betaling frå ein kunde. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Metodar for å bli kjent med kunden

Her er ulike framgangsmåtar du kan bruke for å få innleving og forståing for målgruppa:

  • dialog
  • spørjeskjema
  • intervju
  • observasjon
  • samspel med reelle brukargrupper
  • innsikt i spesifikke miljø
  • rollespel
  • film
  • VR-briller
  • moodboard med bilete som beskriv målgruppa
CC BY-SASkrive av Hanne Merethe Riskedal Staurland.
Sist fagleg oppdatert 08.10.2019

Læringsressursar

Segment og målgruppe