Hopp til innhald

Fagstoff

Målgruppetenking

Når ein er marknadsorientert, må ein tenkje målgruppe. Det finst nemleg ikkje noka bedrift i verda som kan tilby alle kundane akkurat det kvar og ein ønskjer. Derfor må kvar enkelt bedrift velje ut kva for kundar ho vil vere best for.
Piler på veg mot målskiver. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Definering av marknad og målgrupper

Ei marknadsorientert bedrift definerer kva for ein marknad ho ønskjer å operere i, og kva for nokre målgrupper ho jobbar mot. Når det er gjort, kan bedrifta gå inn for å dekkje dei behova desse målgruppene har.

Biletet under viser korleis marknaden for undertøy kan delast inn i segment. Innan kvart segment kan vi finne fleire ulike målgrupper. Til dømes kan vi innan segmentet sportsundertøy finne målgruppa damer i alderen 18–25 år. (Diagrammet under er ei tenkt inndeling.)

Sirkel delt i sektorar med ulik størrelse. Kvar sektorbit viser markedet til ein eigen type undertøy. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Live Marie Toft Sundbye.
Sist fagleg oppdatert 30.10.2018

Læringsressursar

Segment og målgruppe