Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kommuniser med ulike målgrupper

Ein interiørkonsulent, ein blomsterdekoratør eller ein gullsmed bør finne ut mest mogleg om målgruppa for å levere produkt eller tenester som passar til kunden. Dette er ein viktig del av idéutviklinga. I denne oppgåva trener du på kommunikasjon med ulike målgrupper du vil møte i yrket du har valt.
Smilande mannleg kunde hos frisør. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Målgruppe

Målgruppe er ei gruppe eller kategori av personar med nokre fellestrekk. Målgrupper blir danna ved at du deler menneske inn i grupper ut frå ulike kriterium som kjønn, alder, utdanning, livsstil og forbruksmønster.

Oppgåve

  1. Jobb saman med ein medelev. Beskriv fire ulike målgrupper. Bruk segmenteringskriteria over, og skriv ned stikkord på lappar. Lag ein lapp for kvar av dei fire målgruppene.
  2. Ta utgangspunkt i ditt valde yrke eller fag. Trekk ein lapp og les stikkorda høgt. Ein speler rolla som kunden, og den andre tek imot kunden. Byt på rollene.
  3. Spel rollespelet i frisørsalongen, blomsterverkstaden eller rommet der du jobbar med metall, tre eller tekstil på skulen. Eller legg fram ulike material- og fargeprøvar, produktkart, inspirasjonsbilete eller skisser.
  4. Diskuter korleis du opplever å vere kunde i dei ulike rollene, og korleis de endra dykk som fagfolk i kommunikasjonen med dei ulike målgruppene.

Dersom du har moglegheit til å vere i praksis, ha reelle oppdragsgivarar, starte ungdomsbedrift eller ta imot kundar i salong eller verkstad på skulen din, er det den beste måten å lære om målgrupper og kommunikasjon med kundar.

Designskisse og stoffprøvar til kjole designa av Victor Stiebel. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Hanne Merethe Riskedal Staurland.
Sist fagleg oppdatert 23.10.2019

Læringsressursar

Segment og målgruppe