Kva er fellestrekka? - Produktutvikling og skapande prosessar (DT-DTH vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Kva er fellestrekka?

Når vi skal definere eit segment eller ei målgruppe, prøver vi å finne eitt eller fleire fellestrekk ved produkta eller forbrukarane. Desse fellestrekka må vere så tydelege at vi kan identifisere dei, og dei må ha innverknad på kjøpsåtferda til kundane.

Døme: sportsundertøy

Å delta i sykkelritt og skirenn har blitt svært populært – ja, i ein del miljø har det å gjennomføre slike styrkeprøvar blitt eit slags statussymbol. Den typiske deltakaren i slike konkurransar har statistisk sett følgjande kjenneteikn:

  • Utdanning: universitetsnivå
  • Bustad: det sentrale Austlandet
  • Sivil status: gift, 1,75 barn
  • Inntekt: over 400 000 kroner
  • Interesser: idrett
  • Kva for eigenskapar ved produktet vil desse forbrukarane vere opptekne av?
  • Kvar trur du sportsundertøy for gruppa «Menn over 35 år som jamleg deltek i mosjonsløp og renn», bør distribuerast?
  • Kor høg pris trur du kundegruppa er villig til å betale?
  • Kva medium kan det vere gunstig å bruke for å nå fram til denne kundegruppa?

Vekt på funksjonalitet

Dersom menn i denne kategorien skal kjøpe sportsundertøy, kan vi gå ut frå at dei legg vekt på at undertøyet er praktisk og fungerer godt under trening. Desse mennene er også ei einsarta gruppe med tanke på interesser, ettersom dei deltek i løp og renn regelmessig.

Betalingsvilje

Denne kunnskapen gir oss som marknadsførarar ein god pekepinn om kva slags undertøy som må lagast for denne gruppa, og kva slags kommunikasjon vi må bruke for å nå brukarane. Kundane i målgruppa er truleg så interesserte i idrett at dei er villige til å bruke litt pengar på undertøyet, og dermed har vi også ein idé om prisnivået.

Slik kan vi skreddarsy marknadsføringa vår til å nå spesielle målgrupper gjennom både medieval, bodskap, pris, distribusjon og produkteigenskapar.

Skrive av Live Marie Toft Sundbye.
Sist fagleg oppdatert 30.10.2018