Fagartikkel
Segmenteringskriterium
Vi kan dele opp ein marknad i segment på mange ulike vis, avhengig av kva slags produkt vi har med å gjere, og kva slags informasjon om kundane som er tilgjengeleg. Kva kan det til dømes fortelje om ein kunde at han eller ho driv med fallskjermhopping?
Det er vanleg å segmentere ein forbrukarmarknad med utgangspunkt i følgande kriterium eller kjenneteikn:
- Demografiske kriterium
- er lett målbare kriterium som yrke, bustad, kjønn, alder og så bortetter.
- Psykografiske kriterium
- er kriterium som fortel om gruppetilhøyrsel, personlegdom, interesser og livsstil.
- Kjøpsåtferd
- er kriterium som viser mellom anna når, kvar og korleis kundane handlar.