Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Utforming av produkt tilpassa ulike behov

Når du arbeider med ein designprosess frå idé til ferdig produkt, er det viktig å planleggje og utforme på ein slik måte at det kan brukast av målgruppa. Det blir ein viktig del av idéutviklinga.
Mann i rullestol i fjellandskap. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Driv du ei systove, får du kanskje i oppgåve å tilpasse ein kjole slik at han er funksjonell for ei kvinne i rullestol. Eller kanskje du jobbar med design av nye sportsklede? Kva behov vil ein person i rullestol ha? Kva må du tenkje på i utforminga av kleda?

Design eller redesign ein kjole

Brud i rullestol. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Bruk tradisjonelle målemetodar og tilpass mønster for å saume ein kjole til ein rullestolbrukar. Lag idéskisser.
  2. Kva gjer du for at kjolen ikkje skal vere for lang og vid i beina? Korleis tek du omsyn til at plagget skal sitje fint på, og samtidig gi armane rom til rørsle?

Planlegg eit plagg for aktivitet

  1. Du får i oppdrag å designe eit plagg som skal brukast på fjelltur av ein rullestolbrukar. Kartlegg behova kunden har, og tenk på funksjon. Armane skal ha god rørsle. Er det spesielle behov for pustande eigenskapar på overkroppen? Isolerande tekstilar er kanskje lurt for å halde varmen, spesielt i beina. Kan du tenkje på andre behov du bør dekkje?
  2. Med utgangspunkt i kva du no veit om funksjonen plagget skal ha, startar du med å teikne skisser. Tenk samansetting av fargar, form og materiale. Kva ønskjer du at designet skal uttrykkje?
  3. Teikn ei moteteikning som viser designet ditt.
  4. Skriv eit refleksjonsnotat der du vurderer designet og korleis plagget fungerer til bruksområdet.
CC BY-SASkrive av Hanne Merethe Riskedal Staurland.
Sist fagleg oppdatert 23.10.2019

Læringsressursar

Segment og målgruppe