Hopp til innhald

Fagstoff

Bruk personaer i arbeidet med produktutvikling

Når du skal beskrive eigenskapar ved ei målgruppe, er det eit triks å liste opp kva eigenskapar ein person som tilhøyrer denne målgruppa, har. Denne informasjonen kan du bruke til idémyldring og til å utvikle eit produkt.

Her er nokre døme på korleis du kan dikte opp personar, også kalla personaer, som står som representantar for heile målgrupper. Førestill deg korleis desse personane vil reagere på det produktet du planlegg å lage.

Vel deg to personaer og tenk over:

  • Kva for ein stil ser du for deg at personaene føretrekkjer når dei skal velje klede, frisyre og interiør?

  • Kva type produkt vil dei vere interesserte i?

CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 06.04.2022

Læringsressursar

Segment og målgruppe