Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Samanlikning av frukostar

Eit frukostmåltid kan vere så mangt. Ulike land har gjerne eigne tradisjonar for kva som blir rekna som eit frukostmåltid. I denne oppgåva skal du samanlikne frukostmåltidet i tre ulike land og reflektere over skilnader i innhald og næringsstoff.
Eit stort frukostbord med eggerøre, bacon og pølser, syltetøy, smør, ulike brødvarer, oppkutta frukt, müsli, kaffi, mjøk og appelsinjus. Foto.

Teorioppgåver

  1. Kva er ein norsk frukost? Diskuter i klassen kva de et og drikk til frukost ein vanleg kvardag. Bli samde om kva element de meiner inngår i ein typisk norsk frukost.

  2. Kva inngår i ein typisk engelsk og fransk frukost? Søk i kjelder og beskriv kva element som inngår i frukostmåltidet i kvart av desse to landa.

  3. Samanlikn desse tre frukostmåltida. Er det nokre skilnader? Kva for ein av desse tre frukostane liknar mest på din eigen frukost?

  4. Legg inn dei tre ulike frukostmåltida i kosthaldsplanleggaren, og samanlikn næringsinnhald. Kva for ein av frukostane vil du seie er den sunnaste? Grunngi svaret ditt.

Praktisk oppgåve

Del klassen i tre grupper, og produser dei ulike frukostane og drikkevarene. Set dei tre frukostane opp på ein stor buffé.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Espen Lonkemoen Framås og Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 04.01.2023

Læringsressursar

Internasjonal matkultur