Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Tapas

I denne oppgåva skal heile klassen fordjupe seg i spansk kokkekunst. Oppgåva består av ein teoretisk og ein praktisk del.
Dadlar pakka inn i spekeskinke som er festa med trepinnar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1. Finn informasjon og svar på spørsmål

Søk i ulike kjelder og finn svar på følgjande spørsmål:

  1. Finn historia til tapas. Kva er tapas?

  2. Kva slags rettar er det vanleg å servere som tapas?

  3. Kva slags drikke er det vanleg å servere til tapas?

  4. Er det fleire land i Europa som har noko liknande som Spania?

  5. I Noreg serverer vi òg gjerne tapas. Korleis er den norske tapasversjonen i forhold til den spanske? Er det nokre skilnader?

Del 2. Finn rettar til ein tapaslunsj

Heile klassen skal samarbeid om å lage ein stor tapaslunsj. Inviter gjerne nokre gjestar.

Klassen blir samde om kva slags rettar de vil lage til tapaslunsjen, og kva slags drikke de skal servere. Fordel oppgåvene/rettane og finn oppskrifter. Skriv ei bestillingsliste som blir levert til lærar, og lag ein arbeidsplan.

Del 3. Produser rettane til tapaslunsjen

Kvar elev produser retten sin / rettane sine og lagar til eit stort tapasbord. Lag matkort til kvar rett. Server med passande drikke.

CC BY-SASkrive av Espen Lonkemoen Framås.
Sist fagleg oppdatert 07.04.2021

Læringsressursar

Internasjonal matkultur