Hopp til innhald

Fagstoff

Italia

Ciao! Pizza, pasta, olivenolje, pesto og mozzarella er berre av noko av det du kanskje forbind med skoen i Middelhavet: Italia. Dette er rettar og produkt som har utvikla seg gjennom historia.
Italias flagg. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det italienske kjøkkenet

Som i dei fleste andre land er matkulturen i Italia eit resultat av historiske hendingar og geografiske vilkår. Det er store regionale skilnader innanfor det italienske kjøkkenet. Italia er eit langstrekt land, med klimatiske skilnader mellom dei ulike områda. Det er derfor naturlege skilje for kva som kan dyrkast, og korleis rettane blir laga.

I det nordlege Italia finn vi eit kjøligare og fuktigare klima som gir gode vilkår for kvegdrift. Det er derfor stor meieriproduksjon i området, og den velkjende parmesanosten blir produsert her. Det blir nytta mykje smør, fløyte og ost i matlaginga. Det blir òg dyrka mykje kornvarer som ris og mais, og risotto og polenta er velkjende rettar her. Nord-Italia har gjerne tradisjon for å nytte råvarer som kalvekjøt, poteter, klippfisk, pølser, nøtter, olivenolje og trøflar.

I det sørlege Italia der sola varmar meir, finn vi meir middelhavsprega mat: oliven, sitrustre, tomatar i alle fasongar og auberginar. I Sør-Italia blir det òg nytta mykje kapers, ansjos, sardinar, tunfisk, artisjokkar og kvitlauk.

Kjærleik for mat

Italienarane er kjende for kjærleiken sin til god mat og vin, og dei er svært stolte av maten sin. Det sosiale aspektet ved eit måltid er viktig, og mat og vin er forbunde med det å vere saman og bruke god tid til å prate og ete.

Oppskriftene du kjenner til frå Italia i dag, har gått i arv frå generasjon til generasjon. Teknikkane går òg i arv, og slik lever dei vellaga rettene vidare.

Italienarane er opptekne av gode råvarer og kjøper gjerne råvarer som er dyrka lokalt og kjøpte på lokale matmarknader. Rettane som vi kjenner til i dag, som pizza og pasta, er for italienarar svaret på god smak og enkelheit. Ukompliserte rettar med gode, enkle smakar laga av råvarer av høg kvalitet. Dette speglar den jordnære kulturen til italienarane.

Italiensk vin

Italia er ein av dei største vinprodusentane i verda. Kvar region i Italia har si drue og sin måte å lage vin på, og Italia er det landet i verda som dyrkar mest druer. Viktige regionar for kvalitetsvin er Piemonte, Toscana, Veneto og Puglia. Vin er ein heilt naturleg del av det tradisjonelle italienske måltidet.

Kaffi

Verda elskar kaffi! Berre sjå på oss nordmenn – alltid ein kopp i hendene. Det starta ikkje i Italia, men det første "kaffihuset" etablerte seg i Konstantinopel (dagens Istanbul) i 1550. Kjende italienske kaffidrikkar er mellom anna cappuccino, caffè latte, caffè macchiato og espresso, som for italienarane er synonymt med ein vanleg kaffi.

Måltida

Frukostmåltidet (colazione) er gjerne eit veldig enkelt måltid som består av ein kaffi og litt kveitebakst.

Lunsjen (pranzo) er gjerne dagens første varme måltid og blir rekna som eit av hovudmåltida. Italienarane et ofte lunsj ute på restaurant eller i kantina viss jobben har det. Det kan vere fleire rettar eller ein rask salat eller sandwich. Viss ein et ein stor lunsj, blir det gjerne eit mindre middagsmåltid og omvendt.

Sidan italienarane et middag seint på kvelden, har dei eit mellommåltid før middag som blir kalla "la merenda".

Middagsmåltidet (cena) er i hovudsak varmt og blir servert seint på kvelden. Det består ofte av fleire rettar og startar med antipasti (forrett). Dette er ofte ein eller fleire smårettar som spekemat, ost, oliven eller grønsaksrettar. Primo (førsterett) er som regel ein pasta- eller risottorett, deretter kjem secondo (andrerett) som er kjøt eller fisk. Godt heimelaga brød blir som oftast servert til. Måltidet blir avslutta med ein dessert (dolce).

Kjelder

Nilsen, A. G. & Sundland, K. (2020, 12. juni). Italiensk mat. I Store norske leksikon. https://snl.no/italiensk_mat

SiToscana. (u.å.). Spise ute i Italia – morsomt å oppleve – lurt å gjøre. Henta 21. april 2021 frå https://sitoscana.no/nyttig/spise-ute-i-italia

Vedunderlig italiensk: En samling med mer enn 100 grunnleggende oppskrifter. (2007). Spektrum Forlag.

Vinmonopolet. (u.å.). Italia. Henta 21. april 2021 frå https://www.vinmonopolet.no/land/italia/c/italia

Vinmonopolet. (u.å.). Slik lages musserende vin. Henta 21. april 2021 frå https://www.vinmonopolet.no/vmp/content/nylar-om-vin/vinproduksjon/musserende-vin/musserende-vin

CC BY-SASkrive av Espen Lonkemoen Framås og Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 23.03.2021

Læringsressursar

Internasjonal matkultur