Hopp til innhald

Fagstoff

Spania

¡Hola! Plasseringa til Spania handlar mest om to lange kyststriper: ei til Middelhavet og ei til Atlanterhavet. Eit behageleg klima gjer at spanjolane kan briljere med dei lokale grønsakene og fruktene på eit bognande bord med andre råvarer og rettar, der gjestfridommen og sjenerøsiteten blomstrar.
Spanias flagg. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Spansk matkultur og råvarer

Den italienske sjøfararen Kristoffer Columbus kom til Amerika på slutten av 1400-talet, då han var på oppdrag for det spanske kongehuset. Frå dette kontinentet tok spanjolane med seg mellom anna smaksbomber som paprika og chili, men òg kakaobønner. Dette formar den spanske matkulturen i dag gjennom sterk, fargerik mat og ein lidenskap for sjokolade.

Både før i tida og i dag er det heilt vanleg å handle råvarene på lokale torg og marknader. Her finn du råvarer til alle måltid: frukt, grønsaker og mykje sjømat og dessutan ferskt og spekt kjøtt. Tomatar er svært viktig i det spanske kjøkkenet. Det blir produsert mykje tomatar i Spania, og dei blir brukte både rå, kokte, friterte, gratinerte, som saus, supper og i gryterettar.

Tapas

Skikken med tapas begynte i regionen Andalucía. Det som karakteriserer tapas, er smårettar og fingermat, men det kan òg inkludere avanserte rettar med høg kokekunst frå restaurantar med Michelinstjerner. Ingrediensane vi ofte bruker til tapas, er oliven, olivenolje, kvitlauk, tomatar, sitron, kveite, mjølk som ost eller yoghurt, fisk og skaldyr. I Spania, som i mange andre land i Europa, er ikkje tilgangen på ferske råvarer noko problem. Derfor speler smaken til råvara og kor fersk ho er, hovudrolla når det blir laga tapas. Det finst òg regionale forskjellar av tapas.

Klassiske retter til tapas kan vere:

Oliven i ulike fargar i ei kvit skål. Ved sida av ligg skiver med spekemat. Foto.
aceitunas
oliven
chuletones
ein slags T-bein-steik
artiskokkhjarter
ofte i persille og sitron
gazpacho andaluz og salmorejo
kalde tomatsupper
paella valenciana
ein variant av paella
Ein porsjon bakalao i ei skål. Nokre heile grønsaker, mellom anna paprika, lauk og chili, ligg ved sida av. Foto.
bakalao
fiskegryte med klippfisk
calamares fritos
fritert blekksprut
pinchos de pollo
kyllingspyd, i fleire variantar
pollo al ajillo
kylling i kvitlauk
patatas bravas
poteter i tomatsaus
Skiver av spansk tortilla, manchego og serranoskinke. I front står ei skål med små kjøttbollar. Foto.
manchego eller annan ost
ostebitar serverte med minikjeks
champiñones al ajillo
sjampinjongar i kvitlauk
patatas al ajillo
potetar med kvitløk
pimientos rellenos
fylte paprikaer
jamón
spekeskinke, det kan vere curado, serrano, ibérico eller anna spansk skinke

Spansk vin

Spania er det landet i verda med størst vinmarkareal, og det er den tredje største vinprodusenten i verda. Berre Frankrike og Italia produserer meir. Det blir produsert vin over heile landet, frå Atlanterhavet til Middelhavet, i innlandet, på kysten og på øyane. Klima, druer og produksjonsteknikkar skil vinane frå kvarandre.

Nokre kjende spanske vinar:

  • Raudvinar frå Rioja-området. Dette området er kjent for fatlagrede vinar av god kvalitet.

  • Cava er spanjolane sitt svar på sjampanje. Det er ein musserande vin som blir laga på same måte som sjampanje, det vil seie at den andre gjæringa går føre seg på flaske.

  • Sherry er ein sterkvin som blir laga sørvest i Spania.

Spanske måltidsrutinar

Spanjolane elskar òg å bruke mykje pengar og tid på mat. Dei startar ofte med ein lett frukost som består av ein espresso og eit bakverk av det søte slaget. Ofte sluttar første del av arbeidsdagen klokka 13, og då samlast mange på barar til snacks, tapas og ein aperitiff. Etter ein time kjem dagens hovudmåltid (la comida). Dette er ein avslappande lunsj med fleire rettar, ofte forrett, hovudrett og dessert. Mange tek seg òg ein liten siesta før arbeidet startar igjen klokka 16. Arbeidsdagen kan vare til klokka 20. Då kan det vere ein ny time med tapas, og dagen blir avslutta med kveldsmat (la cena) rundt klokka 22. Dette måltidet kan òg bestå av fleire rettar.

Fleire døme på mat og drikke frå Spania

Under finn du ein interaktiv presentasjon av mat og drikke frå Spania. Han er tilpassa skjermlesar, men innhaldet er òg framstilt med rein tekst med bilete lenger ned på sida.

Presentasjon av mat og drikke frå Spania (ikkje interaktiv)

Her er eit utval av nokre kjende råvarer, rettar og drikkevarer frå Spania.

Paella

Paella er ein av Spanias nasjonalrettar. Paella er kokt ris krydra med mellom anna safran, og retten kan ha stykke av fugl, fisk, skaldyr, kjøtt eller krydra pølse. Du kan lage han som rein sjømatpaella, grønsakspaella eller blande alt i ei og same panne.

Paella i ei panne. Retten er fargerik med gul ris, grøne erter, raud paprika og bit av steikt kjøtt. Foto.

Gazpacho

Ei kald suppe som kan serverast både raud og kvit. Retten blir rekna som ein annan av Spanias nasjonalrettar. Han blir laga av fleire råvarer, og tomat er ofte ei av dei. Retten har opphav i Andalucía. Alle grønsakene blir hakka, blir freste i panne og blir deretter mosa med stavmiksar. Blir servert kald!

Raud gazpachosuppe blir helt frå ein blendar ned i eit stort glas. Foto.

Tortilla

Tortilla de patatas er ein velkjend potetrett frå Spania og er vanleg å servere på tapasbordet. Han består av potetskiver, lauk og egg som blir steikt som ei kake i steikepanna. Han kan òg varierast med ulike typar fyll og krydder.

Ein spansk potetomelett laga til på eit fat og skore i serveringsstykke. Foto.

Aioli

Mange trur dette er ein fransk dressing, men han er opphavleg frå Spania. Det er majones med ein god dose kvitlauk. Ein kald klassisk saus som finst på tapasbordet og passar til dipp, kjøtt og fisk.

Ei lita svart og grøn skål med gul aiolidressing. Ved sida av står ei skål med oppskorne rå grønsaker. Foto.

Chorizo

Chorizo er ei spansk pølse som er viktig for den spanske matkulturen og blir brukt mykje i matlaginga. Ho blir vanlegvis laga av røykt svinekjøtt. Den raude fargen og smaken kjem frå røykt paprika. I hovudsak er det to typar: ein som du kan ete slik vi et spekemat her i Noreg, og ein annan type som må kokast. Chorizo kan varierast og setjast smak på med kvitlauk, vin og spesielle lokale krydder.

Tynne skiver av chorizopølse i ei skål. Foto.

Serranoskinke

Ei skinke med historie heilt tilbake til antikken. Skinka blir produsert over heile Spania, men namnet serrano betyr "frå fjella". Skinka har ein mild og nøtteaktig smak, som kjem av at ho blir lufttørka i fjelluft i område med tørre somrar og kalde vintrar.

Skiver av spansk tortilla, manchego og serranoskinke. I front står ei skål med små kjøttbollar. Foto.

Churros

Fritert spansk dessert laga av vassbakkelsedeig. Desse blir sprø, rulla i kanel og sukker og serverte med salt karamellsaus og sjokoladesaus.

Churros overstrøydde med sukker. Foto.

Manchego

Manchego er ein kjend fast ost frå Spania som blir laga av fåremjølk. Osten har den geografiske opphavsnemninga PDO frå EU, noko som betyr at han berre kan produserast innanfor eit visst område, av ein spesiell type saus og på spesielle produksjonsvilkår.

Skiver av manchego og serranoskinke laga til på ein kvit tallerken. I front står ei skål med små kjøttbollar. Foto.

Sangria

Sangria er ein kjend tradisjonell drikk frå Spania og finst i ulike variantar. Den består som oftast av ei blanding av vin, eventuelt anna alkoholhaldig drikke, og frukt. Den blir servert iskald, gjerne i store mugger.

Ei mugge og to glas med raud drikke med fruktbitar i servert på toppen av ein steinmur. Foto.

Sherry

Sherry er ein sterkvin som blir laga i distriktet som ligg heilt sør i Spania rundt dei tre byane Jerez de la Frontera, Sanlúcar de Barrameda og El Puero de Santa María. Sherrynamnet er verna på same måte som sjampanjenamnet.

Ei chorizopølse, ein kniv og eit glas sherry. Foto.

Kjelder

Vinmonopolet. (u.å.). Spania. Henta 23. mars 2021 frå https://www.vinmonopolet.no/Land/Spania/c/spania

Sundland, K. (2020, 26. august). Tapas. I Store Norske Leksikon. https://snl.no/tapas

Bardi, C., Blasi, C., Gioffré, R., Mari, G. & Net, M. B. (2004). Middelhavet: Den store kokeboken. Damm.

CC BY-SASkrive av Espen Lonkemoen Framås og Einar Martin Kålen.
Sist fagleg oppdatert 23.03.2021

Læringsressursar

Internasjonal matkultur