Hopp til innhald

Fagstoff

Frankrike

Bonjour! Alle har vi sett bilete av Eiffeltårnet frå 1889 som ruvar 300 meter over bakken. Visste du at det er mogleg å ete mat i tårnet? Den franske matkulturen fører deg heilt tilbake til Romarrikets tid.
Frankrikes flagg. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det franske kjøkkenet

Franskmenn er vidt kjende for kjærleiken sin for utsøkt mat og vin. Mange av dagens mest populære oppskrifter utgjer tradisjonell bondekost med ferske og lokale ingrediensar.

Det franske kjøkkenet er kjend for verdskjende kokkar, menylære og franske faguttrykk. Men kvar starta det heile? Det er ei lang historie:

Sjølv om fransk kokekunst har lange røter, har påverknaden frå både Romarriket, kyrkja, korstoga og Amerika sett preg på det vi i dag kjenner som fransk mat. Eit vendepunkt kom med Frankrikes stordomstid under Ludvig 14. på 1600-talet. Då vart kokeboka Den franske kokk skriven. Ho vart omsett, og dei franske matidéane spreidde seg til mange europeiske land. Dette ser vi framleis spor av i matspråket vårt i dag, med til dømes ord som ragu, saus, kompott og buljong. Det kom òg reglar om at grønsaker ikkje måtte koke for lenge (vere al dente) og at kjøt ikkje skulle vere oversteikt.

Franske kokkar vart meir og meir berømte i verda og sette nye rettar på bordet. Måten vi lagar majones på er eit døme på kreativiteten og utforskartrongen til franske kokkar. Den franske kokekunsten vart spreidd ut over verda, og restaurantane vart midtpunktet for mange. Dette gjorde at kokekunsten nådde fleire.

UNESCOs ekspertkomité valde i 2010 å innlemme det franske kjøkkenet på lista si over meisterverk i munnleg og immateriell kulturarv. Dette betyr at dei stadfestar påverknaden på det franske kjøkken på matkultur og matopplevingar.

Paul Bocuse

Paul Bocuse var ein verdskjend kokk som døydde i 2018. Han overtok familierestauranten nær Lyon i 1959. I dag ber restauranten framleis namnet hans, og Bocuse vart tildelt heile tre stjerner i Michelinguiden. Han var ein av dei fremste representantane for det nye franske kjøkkenet rundt 1970-talet. Kjenneteiknet hans på kjøkkenet var raffinerte, utsøkte råvarer med ei innbydande servering.

Bocuse d'Or

Bocuse d'Or er ein av dei mest berømte kokkemeisterskapane i verda. Han er oppkalla etter nemnde Paul Bocuse, som òg hadde idéen til konkurransen. I 1987 vart konkurransen gjennomført for første gong. Denne konkurransen har vorte ei paradegrein for norske kokkar dei siste åra. Fleire kokkar har gjort det svært bra, og Noreg har teke gull i konkurransen fleire gonger.

Geografi

Frankrike er eit stort land med lang kyst, høge fjell, breie elever, fruktbare slettelandskap og åkerland. Nord-Frankrike har eit flatt landskap der det blir dyrka kveite og grønsaker som gulrøter, poteter, purre og erter. I Aust-Frankrike finn du Alsace og Lorraine, område som høyrde til Tyskland i tidlegare tider. Derfor kan vi her finne rettar som vanlegvis er kjentde i Tyskland. Dette er mellom anna sauerkraut med pølser eller kjøt av svin. Området Bourgogne ligg òg i denne delen av landet, og her blir det òg laga mat med dei superbe vinane frå distriktet. I Vest-Frankrike finn vi skaldyr, fisk og framifrå meieriprodukt, spesielt i området Normandie. I midten av landet gjeld òg dyrking, men her får du smake meir på saftig frukt og grønsaker.

Fransk vin

Det er mange som kallar vinane i landet for verdas beste. Dette handlar om ei lang historie, men òg om dei store franske vindistrikta med geografi, klima og terroir. Derfor kan Frankrike skilte med kjende vinar frå mellom anna Champagne, Bourgogne og Bourdeaux.

Måltidsrutinar

Franskmenn et stort sett som oss nordmenn – frukost, lunsj og middag. Eit kveldsmåltid som du kan vere meir van med, blir overflødig i Frankrike, fordi dei et middagen seinare enn det vi vanlegvis gjer. Franske barn har òg eit ekstra måltid rett etter skulen: le goûtér.

I Frankrike et dei helst ein søt frukost med croissantar eller rista brød (tartine) med smør og syltetøy heime før dei går på skule og jobb, eller dei spring innom ein lokal bakar for å kjøpe ferske croissantar eller brioche.

Middag i Frankrike kan vere alt frå gryter, supper og gratengar til kjøt eller fisk med grønsaker til. Noko som skil seg frå middag i Noreg, er at franskmenn et brød til middagen. Brødet blir nytta til å få med seg all saus eller suppe på tallerkenen. Dei avsluttar ofte middagen med ein grøn salat og ost.

Kjelder

Dahle, E. (2018, 23. januar). Paul Bocuse. I Store norske leksikon. https://snl.no/paul_bocuse

Fransk: En samling av mer enn 100 grunnleggende oppskrifter. (2009). Spektrum Forlag.

Notaker, H. (2019, 7. august). Fransk mat. I Store norske leksikon. https://snl.no/fransk_mat

Vinmonopolet. (u.å.). Frankrike. Henta 20. mars 2021 frå https://www.vinmonopolet.no/land/frankrike/c/frankrike

CC BY-SASkrive av Espen Lonkemoen Framås og Einar Martin Kålen.
Sist fagleg oppdatert 10.10.2023

Læringsressursar

Internasjonal matkultur