Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Ratatouille

Sjå Disney Pixar-filmen Rottatouille og lag deretter den franske grønsaksretten ratatouille på kjøkkenet.


Korg med aubergine, squash, lauk, raud paprika, kvitlauk, gul paprika og tomatar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåver til filmen

  1. Etter å ha sett denne filmen: Kva eigenskapar meiner du er viktige å ha om ein skal jobbe i restaurantbransjen? Diskuter i klassen.

  2. Musa i denne filmen har ein nase for gode råvarer og smaker. Kan medelevane dine lukte seg fram til riktige krydder og urter? Finn fram fem ulike friske eller tørka urter frå lageret. Legg desse i kvar sin kopp, og la nokre av medelevane dine lukte seg fram til kva det er.

  3. Gå saman i grupper. De skal lage retten ratatouille. Følg oppskrifta, men de skal sjølv bestemme kor mykje urter og krydder de vil nytte. Smak dykk fram. Bruk smakslaukane dykkar for å kome fram til smaken som de ønskjer.

  4. Smak på dei ulike rettene og samanlikn. Kva rett smaker best? Kvifor?

Ratatouille

Ingrediensar

(4 porsjonar)

  • 1 lauk, grovhakka

  • 2 båtar kvitlauk, finhakka

  • 4 ms olje

  • ½ aubergine

  • ½ grøn squash

  • 1 raud paprika

  • 1 boks hermetiske tomatar

  • frisk basilikum, hakka

  • frisk timian, hakka

  • salt

  • pepar

Framgangsmåte

  1. Skyl, reins og del opp grønsakene i grove bitar.

  2. Varm olja i ein kjele/gryte.

  3. Tilset lauk og kvitlauk og surr til lauken er mjuk og blank.

  4. Tilset resten av ingrediensane. Du kan godt erstatte dei friske krydderurtnee med tørka om du ønskjer dette.

  5. La retten surre ved svak varme i 10–15 minutt til grønsakene er møre.

  6. Smak eventuelt til med salt og pepar.

CC BY-SASkrive av Espen Lonkemoen Framås og Einar Martin Kålen.
Sist fagleg oppdatert 07.04.2021

Læringsressursar

Internasjonal matkultur