Oppgåve
Personleg hygiene
Filmen handlar om personleg hygiene ved arbeid på kjøkken og i bedrifter som arbeider med matvareproduksjon. Du får sjå døme på smittekjelder, riktig handvask, riktige klede og inndeling av rein og urein sone på arbeidsplassen.
- Kva er meint med trygg mat? Forklar.
- Teikn opp den produksjonslinja du jobbar på. Kva er reine og ureine soner? Beskriv desse.
- Kva er det som regulerer kva som er rein sone, og kva som er urein sone? Kva krav blir stilte til den personlege hygienen din?
- På kva måte er det størst fare for at du kan bringe smittestoff inn i produksjonslokala?
- Kva er bakteriar? Gi døme på nokre bakteriar du ikkje bør finne på eit kjøkken.
- Kva er mugg?
- Kva er mikroorganismar? Pakk tre laksebitar på tre forskjellige måtar – ein vakuumpakka – ein i plastfilm – ein i papir. Oppbevar dei i same kjøleskapet. Kva for ein av dei utviklar synlege mikroorganismar først? Forklar kvifor.
Ta avtrykk av til dømes kjøkkenreiskapar, arbeidsbenk, nøklar, myntar, reine og ureine fingrar i kvar si petriskål med agar. Skriv kva slags avtrykk som er teke, på kvar petriskål. Set petriskålene i eit varmeskap i nokre døgn, og sjå kva som skjer. Forklar kvifor nokre skåler har oppblomstring av mikroorganismar, mens andre ikkje har det.