Oppgåve
Riktig oppbevaring av mat
Filmen handlar om oppbevaring av lett bederveleg mat, på forskjellige lager som kjølerom, fryserom og tørrvarelager. I tillegg går vi gjennom merking av matvarer og omgrep som «siste forbruksdag» og «best før».
Skriv ein kort definisjon av desse omgrepa:
- kjølerom
- lett bederveleg
- fryserom
- haldbarheit
- tørrvarelager
- siste forbruksdag
- best før
Ta to gulrøter og to agurkar. Legg ei gulrot og ein agurk på eit kjølerom og ein agurk og ei gulrot i romtemperatur i ei veke. Beskriv kvaliteten på varene etter ei veke.
- Korleis kan oppbevaringa av mat påverke kvaliteten?
- Kor mange gradar skal det vere på eit kjølerom, og kvifor?
- Kva meiner vi med lett bedervelege matvarer, og korleis skal slike oppbevarast?
- Forklar kva vi meiner med varerullering.
- Forklar korleis du kan oppbevare ytrefilet av okse over lengre tid.
- Kvifor har butikkar og større bedrifter ofte fleire kjølerom og fryserom?
- Kva kjenneteiknar eit tørrvarelager?
- Når du sjølv pakkar varer til oppbevaring, er det viktig at du merkjer varene tydeleg. Korleis bør du merkje varene?
- Forklar kva merkinga av desse varene bør innehalde: kjøtdeig, ris, pasta, fiskefilet.
Kva er forskjellen på «siste forbruksdag» og «best før»?
Tabellen under viser ei oversikt over ulike matvarer.
Set kryss for riktig oppbevaring av matvarene. Nokre av varene i tabellen kan oppbevarast på to forskjellige lager.
Beskriv kvifor nokre av varene i tabellen kan oppbevarast på to forskjellige lager.