Haldbarheitsdato
Det er produsentane som vurderer og set haldbarheitsdato på matvarer. Produsentane kjenner råvarene og prosessane som er brukte. Haldbarheitstida skal setjast ut frå vanlege og realistiske vilkår for transport, oppbevaring og sal. Dette er ikkje til hinder for at produsentane kan ta omsyn til at det òg kan vere ulike ytre vilkår for haldbarheita til matvarene.
Haldbarheitsdatoen skal angi kor lenge ei vare beheld dei spesifikke eigenskapane sine, kvalitet og liknande ut frå oppgitte oppbevaringsforhold i uopna pakning.
Dersom du bryt innpakninga til eit heilt kjøttstykke og deler det opp i mindre bitar, vil haldbarheitstida på produktet bli kortare.
Svært lettskjemde matvarer, som fisk, skaldyr, kvitt kjøtt, pålegg i skiver, male og kverna kjøtt og fiskefarse, er merkte med "siste forbruksdag", og det skal alltid stå på innpakninga korleis dei skal oppbevarast.
Det er viktig å hugse at dersom du ikkje følgjer rettleiinga for oppbevaring, kan det påverke haldbarheita til produktet. Lèt du til dømes ein pakke kjøttdeig liggje lenge i romtemperatur, vil han få kortare haldbarheit.
Siste forbruksdag er oftast sett ut frå mikrobiologiske omsyn. Det vil seie at etter den angitte datoen kan mikroorganismar i maten gjere deg sjuk dersom du et produktet. Matvarer som er merkte med "siste forbruksdag", kan ikkje seljast etter at datoen er passert.
Andre matvarer enn dei som svært lett blir skjemde, skal merkjast med "best før …" eller "best før utgangen av …". Dette gjeld råvarer som til dømes korn, mjøl, salt og sukker. Desse råvarene held seg mykje lenger enn dei lettskjemde råvarene.
Haldbarheitsmerkinga av matvarer som ikkje er lettskjemde, skal først og fremst gi opplysning om kor lenge varene held seg utan å tape kvalitet eller andre spesifikke eigenskapar, til dømes smak eller vitamininnhald.
Dersom det er naudsynt å oppbevare ei matvare på ein viss måte, skal også oppbevaringsmåten vere angitt.
Det er lov å by fram og selje varer som er merkte med "best før"-dato, etter at datoen er passert, så lenge varene framleis har akseptabel kvalitet. Det er seljaren som har ansvaret for at produkta held forventa kvalitet.
Alle aktørar i matkjeda har ansvar og moglegheit for å bidra til at vi kastar mindre mat enn vi gjer i dag. Nokre verksemder har derfor byrja å supplere haldbarheitsmerkinga på "best før"-merkte matvarer med ei opplysning om at matvarene ofte er gode også etter den angitte datoen.
Det er òg utarbeidd eit "sjå, lukt, smak"- symbol til bruk på matvarer som har gått ut på "best før"-dato. Dette symbolet skal oppmode oss til å bruke sansane for å vurdere om ei matvare framleis er fin.
Oppsummering
"Siste forbruksdag" skal berre brukast på svært lettskjemd mat. Det er ikkje lov å selje matvarene etter denne datoen
Mat som er merkt med "siste forbruksdag …", kan etast etter den angitte datoen, men då har den enkelte forbrukaren sjølv ansvaret for å vurdere om maten er etande.
Mat som er merkt med "best før …", kan derimot både seljast og etast etter den angitte datoen utan risiko for helseskadar.