Hopp til innhald
Fagartikkel

Personleg hygiene

Når vi jobbar med mat, er det viktig med god personleg hygiene, slik at vi ikkje overfører eigne mikroorganismar til maten. For at maten skal vere trygg å ete, må den som lagar han, ha dei kunnskapane og ferdigheitene som skal til for å sikre god hygiene.
Lær meir om personleg hygiene og kva som krevst for at maten skal vere trygg. Video: Snöball Film AS / CC BY-NC-ND 4.0

Kven har ansvar?

Kvar tilsett er sjølv ansvarleg for den personlege hygienen sin, men bedrifta må ha ein klar praksis og legge til rette for at dei tilsette kan sørge for god hygiene.

Kvifor er det viktig med god hygiene?

På menneskekroppen finst det mange ulike mikroorganismar, spesielt på huda og i slimhinnene. Desse mikroorganismane er ein normal og naudsynleg del av oss og er noko vi har med oss heile tida. Vi kallar det normalfloraen. Normalfloraen vernar oss mot andre, sjukdomsframkallande bakteriar.

I løpet av dagen får vi på oss mange andre bakteriar ved å vere i kontakt med andre menneske og gjenstandar. Desse bakteriane kallar vi visittfloraen. Denne visittfloraen kan lett smitte over på maten vi jobbar med, om vi ikkje er nøye med å vaske han vekk.

Å vaske seg dagleg, pusse tenner og bruke reine klede er ein del av den normale personlege hygienen.

Handhygiene

Når vi snakkar om personleg hygiene, er det først og fremst handhygiene vi tenker på. Handhygiene er noko av det viktigaste vi må ta omsyn til for å hindre smittespreiing og sjukdomsutbrot når det gjeld mat. Ikkje bruk fingeren til å smake på ferdiglaga mat eller mat som ikkje blir varmebehandla (som dessertar og kalde sausar).

Neglene skal vere kortklipte og utan naglelakk. Naglelakk har lett for å flasse, og dette kan då hamne i maten.

God handvask går slik føre seg:

  • Skyl hendene godt under rennande, temperert vatn, og gni dei inn med såpe.
  • Vask grundig, både i handflata, mellom fingrane og under neglene. Bruk minst 30 sekund.
  • Skyl såpa av med rennande varmt vatn.
  • Tørk med eit papirhandkle.
  • Bruk papiret eller olbogen til å stenge av vatnet med, for det kan vere mikroorganismar på blandebatteriet. Fotocelle på blandebatteriet har òg blitt meir vanleg.
  • Til slutt kan du smørje hendene inn med eit handdesinfeksjonsmiddel.

Når bør du vaske hendene?

Vask alltid hendene før du tek i råvarer, reiskapar og utstyr. Hendene skal òg vaskast mellom kvar råvare, når du har hatt pause og vore på toalettet, og når du skiftar frå éin type arbeid til ein annan.

Har du sår eller rifter på hendene, bør du bruke eingongshanskar. Pleie av hendene er òg ein del av ein god handhygiene. Hendene bør jamleg smørjast med ein handkrem, slik at ikkje dei blir tørre og det oppstår sprekkar. I sår og sprekkar trivst bakteriane godt.

Arbeidsklede

Arbeidsantrekket i restaurant- og matfaget varierer, men felles for alle antrekka er at kleda skal vere reine og praktiske. Arbeidsantrekket må vaskast ofte, og bedrifta må ha gode rutinar for dette. Om vi skitnar til kleda i løpet av arbeidsdagen, skal vi skifte til reine. Det handlar ikkje berre om god hygiene, men òg om at vi skal vere presentable for kundar og gjester.

Om vi må forlate arbeidslokalet eller har ærend utanfor arbeidslokalet, skal vi skifte til eigne klede, slik at ikkje uniforma blir forureina. På kjøkkenet består arbeidsantrekket av hovudplagg, godt fottøy, gjerne vernesko, og uniform.

Hovudplagg

I restaurant- og matfagbransjen bruker dei fleste ei eller anna form for hovudplagg. Vi menneske mistar hundrevis av hår kvar dag. Hovudplagg er derfor naudsynt for å sikre at vi ikkje får hår i maten. Langt hår bør i tillegg flettast eller bindast opp. Nokre arbeidsplassar krev òg at personar med langt skjegg skal bruke eit skjeggnett.

Ringar, klokker og smykke

Alt av ringar, klokker og smykke skal leggast igjen i garderoben før arbeidsskiftet byrjar. Det samlar seg lett skit og bakteriar under slike gjenstandar, og desse skal derfor ikkje brukast under produksjon av mat.

Ikkje lag mat når du er sjuk!

Matforgiftingar kan komme av at sjuke menneske har handtert mat og dermed overført smitte vidare til maten. Når vi er sjuke, skal vi ikkje ha direkte kontakt med næringsmiddel. Det kan vere vanskeleg å vite om vi er for sjuke til å arbeide på kjøkkenet. Om vi har diaré, ein halsinfeksjon, rennande nase, eller om vi hostar eller nys mykje, bør vi ikkje jobbe med næringsmiddel. Ingen skal lage mat når dei har magesjuke. Etter ein magesjau må vi ha vore symptomfrie i minst 48 timar før vi lagar mat.