Oppgåve
Handhygiene – kva hugsar du?
Etter å ha jobba med temaet personleg hygiene og handhygiene kan du teste deg sjølv med desse oppgåvene.
- Beskriv med dine eigne ord kva som er meint med god handhygiene.
- Når vil du bruke handvask, og når vil du nytte handdesinfeksjon? Grunngi svaret.
- Kvifor er det viktig å fjerne smykke, ringar og naglelakk når du skal vareta god handhygiene?
- Kva kan motivere deg til god handhygiene?
- Kvifor trur du nokon sluntrar unna å gjennomføre rett handhygiene?
- Lag eit slagord som oppmodar fagarbeidarar til å vareta god handhygiene.
- Gi døme på sjukdomsframkallande mikroorganismar. Kva infeksjonar kan desse føre til?