Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Bakarspråket

Filmen handlar om ulike arbeidsmetodar knytte til baking. Metodane blir demonstrerte og forklarte med tydeleg bruk av omgrep.

Omgrep

  • utmalingsgrad
  • elte
  • liggjetid
  • emne
  • oppslag
  • raske
  • stryke
  • snitte
  • herteomn

Spørsmål

  1. Kva meiner vi med utmalingsgrad?
  2. I filmen blir sikta kveitemjøl nemnt. Prøv å finne ut kva sikta mjøl er for noko.
  3. Kva skjer under elteprosessen?
  4. Kva konsekvensar har det for elteprosessen om du bruker fint eller grovt mjøl?
  5. Korleis kan du sjekke konsistensen på deigen?
  6. Kva skjer under liggjetida?
  7. Kva er forskjellen på emne og oppslag?
  8. Kvifor er det viktig at emna blir vegne?
  9. Forklar omgrepet raske.
  10. Kva ingrediensar påverkar hevinga?
  11. Kvifor er det best å bruke rugmjøl dersom ein skal strø mjøl over brødet før steiking?
  12. Kvifor blir bakst snitta før steiking?
  13. Kva blir ein herteomn til?
  14. Varme bakevarer blir pakka i papir. Kvifor?

Relatert innhald

Ein gjærdeig består i hovudsak av deigvæske, mjøl, salt og gjær. Å lage ein gjærdeig er ein omstendeleg prosess som går føre seg i fleire trinn.

Ein gjærdeig består i hovudsak av deigvæske, mjøl, salt og gjær. Å lage ein gjærdeig er ein omstendeleg prosess som går føre seg i fleire trinn.

CC BY-NC-NDSkrive av Snöball Film AS.
Sist fagleg oppdatert 17.11.2021

Læringsressursar

Gjærbakst