Hopp til innhald

Fagstoff

Paprika

Paprika kjem opphavleg frå Sør- og Mellom-Amerika. I dag blir han dyrka i stort omfang også i Europa. Namnet paprika er ei fellesnemning for dei større, milde capsicum-artane vi kjenner.
Paprika i ulike fargar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Variantar

Det finst mange ulike sortar paprika med varierande form, farge, storleik og smak. Alle typar paprika byrjar som grøne, og nokre blir verande grøne, mens andre skiftar farge til raud, gul, oransje, kvit eller mørk fiolett. Raud og gul paprika er altså mogen grøn paprika. Smaken er noko mildare hos dei mogne variantane enn hos grøn paprika. Prisen er ofte også litt høgare sidan dei mogne variantane tek lengre tid å dyrke fram. Raud paprika er mest vanleg. Han finst heile året og har ein mild og fin smak. Grøn paprika er noko beiskare på smak enn til dømes gul og raud, men er ofte rimelegare i innkjøp. Gul paprika har dei same eigenskapane som raud paprika og er mild og god i smaken. Også gul og grøn paprika finst heile året.

Bruksområde

Paprika blir vaska, og stilken, innvendige hinner og frø blir fjerna. Deretter kan han delast i to og strimlast eller kuttast i ringar. Paprika kan nyttast til mykje, men er god til ost, i salatar og i gryteretter, stuingar eller wok. Vi kan også fylle paprikaer med kjøtdeig, hakka lauk og ris og steikje dei i omn eller gratinere dei. Paprika inneheld mykje C-vitamin, og han er best å ete rå om du skal få med deg alle vitamina. Han er god som garnityr på brødskiver.

Eigenskapar

Paprika er som andre typar capsicum og inneheld mykje A- og C-vitamin. Den raude inneheld tre gonger så mykje C-vitamin som appelsin, og den grøne dobbelt så mykje. Paprika inneheld også mineral og fiber. Paprika er kalorifattig, og næringsinnhaldet varierer noko frå raud til grøn paprika.

Næringsinnhald

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Kvalitetskrav

Paprika skal ha ein blank og pen utsjånad. Fruktkjøtet skal vere fast og fint med ein sterk farge. Han bør vere fri for misfarga flekker eller sprekkar. Skalet bør vere tjukt og saftig med sprø konsistens utan teikn til innskrumping eller slappheit.

Hugselappen

Med andre ord:

latin: Capsicum annuum
engelsk: sweet pepper
tysk: Paprika
fransk: piment douce, paprika

Lagring:

8–10 °C. Paprika bør lagrast i plast ved 8–10° C. Han bør minst vare éi veke eller meir dersom temperaturen og luftfukta er rett.

CC BY-SARettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 17.04.2020

Læringsressursar

Grønsaksfrukter