Hopp til innhald

Fagstoff

Graskar

Graskar kjem opphavleg frå Amerika, og arkeologiske funn viser at dei amerikanske urfolka dyrka graskar for 5000–6000 år sidan. Graskar har eit tjukt, hardt skal som kan vere glatt, knudrete eller med langsgåande riller. Fruktkjøtet er gult til oransje, fast og søtt.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Graskar i ulike former og fargar. Foto.

Bruksområde

Graskar blir nytta som kokt eller steikt grønsak i gryteretter, supper og stuingar. Sylta graskar er nydeleg til kjøt- og fiskeretter. Graskaret blir delt og skrelt, og det svampaktige vevet og kjernane i midten blir fjerna. Pyntegraskar blir berre nytta til dekorasjon.

Kvalitetskrav

Graskar finst i mange ulike former, fargar og storleikar, og derfor er det vanskeleg å gi eksakte kvalitetsnormer. Graskar skal vere reine og heile og utan mugg, støytskadar eller mjuke flekker. Fruktkjøtet skal vere fast, og grønsaka skal kjennast tung i høve til storleiken. Graskar må handterast varsamt sidan dei lett blir skadde på grunn av den store vekta.

Næringsinnhald

Graskar inneheld noko karoten, som gir A-vitamin. Graskar er kalorifattig og inneheld noko kostfiber.

Les meir om næringsinnhaldet i Matvaretabellen frå Mattilsynet.

Film om korleis du lagar di eiga graskarlykt til halloween (frå Opplysningskontoret for frukt og grønt, publisert på YouTube).

Oppskrift på graskarsuppe (matprat.no).

Hugselappen

Norsk sesong:

august–november

Med andre ord:

Latin: Cucurbita maxima
engelsk: pumpkin
tysk: Riesenkürbis
fransk: Potiron

Lagring:

På grunn av det tjukke skalet kan store graskar lagrast i månadsvis. Graskar som er delte i stykke, har kortare haldbarheit, og bør omsetjast raskt.

CC BY-SARettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 25.03.2020

Læringsressursar

Grønsaksfrukter