Hopp til innhald

Fagstoff

Avokado

Avokado kjem opphavleg frå Mellom-Amerika og blir no dyrka i dei fleste tropiske og subtropiske strøk. Avokado veks på tre og er ei frukt, men sidan han verken er søt eller inneheld fruktsyre, blir han gjerne oppfatta som ei grønsak.
Ein avokado delt i to. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Avokadoen er pæreforma, med grønt eller svart skal, og han finst i ulike variantar.

Avokadoen kan variere i storleik frå 150 g til 2 kg. Skalet er glatt eller knudrete, og fruktkjøtet har ein lysegrøn eller gulkvit farge. I midten sit ein stor kjerne som vi kan fjerne ved å kløyve frukta på langs. Smaken er mild, nøtteaktig og behageleg. Avokado blir hausta umogen for at han skal tole transport og mogne undervegs. Den mest nytta avokadovarianten i Noreg er sorten hass.

Bruksområde

Guacamole i ei skål med tortillachips. Foto.

Før bruk må vi dele avokadoen i to og fjerne steinen. Frukta kan serverast i skalet eller vi kan fjerne skalet heilt. Avokado har ein nøtteaktig mild og nøytral smak. Vi kan såleis nytte han til mange retter. Avokado er mykje nytta som forrett fylt med reker, finhakka lauk og dressing. Han kan òg nyttast i salatar kutta i bitar eller som dipp (guacamole). Avokado blir mest nytta rå. Blir han kokt, kan han få beisk smak. Steiking i nokre sekund går greitt. Avokado kan nyttast som barnemat eller på smørbrød. Nokre dropar sitron på fruktkjøtet hindrar at han blir misfarga.

Eigenskapar

Avokado har i motsetnad til andre frukter og grønsaker eit relativt lågt vassinnhald og eit høgt feittinnhald som varierer frå 16 til 30 prosent. Feittet består i stor grad av einumetta feittsyrer, som er gunstige for oss. Avokado er òg rik på protein og inneheld E-, B- og C- vitamin.

Næringsinnhald

Avokado er ei feit frukt som inneheld mykje av dei sunne feittsyrene, særleg einumetta feitt. Avokado er også ei god kjelde til folat, vitamin C og mineralet kalium.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Kvalitetskrav

Avokado finst i fleire variantar. Grossistar kan ofte levere den mogningsgraden som er ønskjeleg. Skalet hos dei glatte variantane skal vere blankt og fast utan teikn til uttørking. Ein mogen avokado vil gi etter for eit lett trykk, og når frukta blir skoren i to, losnar kjernen lett frå fruktkjøtet. Ein mogen avokado har også ein kremaktig konsistens som er smørbar. Hard avokado er umogen vare og må mognast ferdig i butikken eller hos forbrukaren.

Film om korleis du lagar guacamole (Lise Finckenhagen for Bama)


Hugselappen

Med andre ord:

latin: Persea americana
engelsk: avocado
tysk: Avocado
fransk: avocat

Lagring:

10–15 °C. Avokadoar må lagrast på forskjellig måte avhengig av kor mogne dei er. Det er òg forskjell på haldbarheita og lagringstemperaturen sortane imellom.

CC BY-SARettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 17.04.2020

Læringsressursar

Grønsaksfrukter