Hopp til innhald

Fagstoff

Slangeagurk

Agurk kjem opphavleg frå India, der han framleis veks vilt ved foten av Himalaya. Vi kjenner til at han vart dyrka i Kina for over 3000 år sidan, og at han kom til Noreg på 1600-talet.
Ein heil agurk og ein agurk delvis oppskoren i skiver. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det finst mange typar agurk, men den vanlegaste i handelen er slangeagurken, òg kalla salatagurk. Han er avlang, mørkt grøn og rund i forma, og smaken er mild og god. Fruktkjøttet er kvitt, saftig og mjukt. Agurk er utan tvil ei av dei grønsakene som blir mest eten her i landet, og han blir dyrka i Noreg heile året.

Bruksområde

Tzatziki i ein liten bolle. Foto.

Agurk kan nyttast til salat i mange variantar, kutta i skiver eller terningar. Agurk blir òg nytta som pålegg på smørbrød saman med ost, tomat, kaviar og så vidare. Til fiskeretter og pasta er agurk ei mykje nytta grønsak.

Næringsinnhald

Agurk har lågt energi - og feittinnhald og er ei kjelde til kostfiber. Kostfiber er gunstig for fordøyinga. Agurken inneheld mykje vatn og har låg næringsverdi, men inneheld likevel noko vitamin A og C i tillegg til kalsium og jern.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Kvalitetskrav

Agurk skal vere mørkegrøn i fargen og fast i konsistensen. Skalet er lett knudrete eller glatt. Agurk skal vere velforma og ikkje for sterkt bøygd. Han skal òg vere fri for prikkar og mjuke flekker.

Agurkplante med agurk. Foto.

Sesong

Norsk sesong på friland: april–oktober. Blir dyrka året rundt i veksthus.

Med andre ord

latin: Cucumeris
engelsk: cucumber
tysk: Gurke
fransk: concombre

Lagring

12° C. Agurken tek skade av både lågare og høgare temperaturar. Pakkar du agurken i plast, vernar du han mot uttørking og etylenpåverknad.

Video

I denne videoen får du vite meir om agurk, og du får får gode tips til tillaging.

CC BY-SARettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 25.03.2020

Læringsressursar

Grønsaksfrukter