Hopp til innhald
Fagartikkel

Squash

Skvåsj er ei grønsak med mange ulike namn. I fleire land blir han kalla zucchini. Det er italiensk og betyr "lite graskar". Squash høyrer nemleg til graskarfamilien, men i motsetning til graskar blir han hausta i umoden tilstand mens skal og fruktkjøtt framleis er mjukt.

Utsjånad og oppbevaring

Squash liknar på ein agurk av utsjånad, men han er noko kortare, og forma er rund eller sekskanta. Fruktkjøttet har ein fast og jamn konsistens med ein nøytral smak. Skalet er mørkegrønt, grønstripete eller gult.

Den norske sesongen strekker seg frå juni til oktober. Squash må ikkje lagrast under 4 gradar, ettersom dette gir skadar. Ideell temperatur for lagring er 5 til 8 gradar. Han må ha høg luftfukt for å ikkje tørke ut.

Bruksområde

Squash har i seg sjølv lite smak, men han tek gjerne opp smak når han blir kokt eller steikt saman med noko anna. Rå, grøn squash kan brukast til det same som agurk. Han kan brukast i ulike salatar kutta i skiver eller bitar, og òg til ost eller garnityr. Gul squash bør varmebehandlast. Lettkokt eller steikt er squash ypparleg som tilbehøyr til kjøtt og fisk. Squash kan òg delast i to, bli fylt med kjøttdeig og hakka lauk og steikast i omnen. Han er sjølvsagt i ratatouille, ein fransk grønsaksrett.

Kvalitetskrav

Squash skal vere velforma og ikkje for sterkt bøygd. Han skal ha ein fast og fin konsistens og vere utan mørke eller mjuke flekker i skalet. Skalet skal vere glatt eller lett knudrete.

Næringsinnhald

Squash er mager kost med dei 15 kaloriane sine per 100 gram. Han består av 95 prosent vatn og inneheld jern og noko vitamin A, B og C.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Film om squash

I den korte filmen under kan du lære meir om squash og få tips til korleis han kan bli laga til og servert.

Video: Bama / CC BY-NC-ND 4.0

Med andre ord

latin: Cucurbita pepo
engelsk: summer squash, courgette, zucchini
tysk: Courgette, Zucchini
fransk: courgette

CC BY-SA 4.0Rettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 18.09.2024