Hopp til innhald

Fagstoff

Aprikos

Aprikosen er ei av dei eldste fruktene vi kjenner til. Han kjem frå Kina, og han vert i dag også dyrka sør i Europa ved Middelhavet. I storleik og form liknar aprikosen mykje på plommer, og han høyrer botanisk til plommefamilien.
Aprikosar på eit bord. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det saftige fruktkjøtet sluttar rundt ein hard kjerne, skalet er lòde med ein oransje eller mørk gul farge. Smaken er svakt syrleg, og frukta er best å eta som ho er.

Bruksområde

Aprikosar smakar absolutt best når dei er akkurat mogne. Etter mogning får dei raskt ein mjølen konsistens. Aprikos kan etast naturell, til dessertar saman med anna frukt, i fruktsalatar eller til is. Aprikos kan også nyttast til fjørferetter og ostefat, og dessutan til fyll i kaker, til syltetøy og til likør. Mest kjent er vel likevel konservert vare som finst i hermetisk og tørka tilstand.

Næringsinnhald

Aprikosen er kalorifattig og inneheld ein god del A- og C-vitamin.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Kvalitetskrav

Tørka aprikosar som ligg litt føre nokon nøtter i eit blank glas skål. Foto.

Aprikos skal vera fast og rein utan flekker eller mjuke plettar. Fargen kan variera noko mellom dei ulike variantane, men liknar ofte fersken. Aprikos bør kjøpast inn når dei er nesten mogne, så kan varmen i butikken nyttast til å fullføra mogninga. Mogen vare duftar sterkt aprikos.

Lagring

10–12 °C .

Det er ikkje så lett å oppbevara aprikos over lang tid. Med det tynne skalet sitt er han sårbar for støyt og kulde. Han er også lett påverkeleg av etylen, som kan framskunda mogninga.

CC BY-NC-NDRettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 28.04.2020

Læringsressursar

Steinfrukter