Hopp til innhald

Fagstoff

Rambutan

Rambutan kjem opphavleg frå Aust-Asia. Han ser ut som ei hårete utgåve av den nære slektningen litchi. Rambutan er rund i forma og på storleik med ei valnøtt. Skalet er lêraktig og hårete og freistar ikkje akkurat til eting, men frukta inni er lekker.
En åpnet rambutan frukt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Rambutan vert hausta når han er mogen og har då ein raudbrun farge. Fruktkjøtet er kvitt, glinsande og saftig og er noko fastare i konsistensen enn litchi. Smaken er mild, søt krydra og aromatisk. I midten er det ein brun, mjuk kjerne som ikkje skal etast.

Bruksområde

Ung jente et fruktsalat. Foto.

Først skrellar vi rambutan ved å fjerna skalet med fingrane eller ein spiss kniv. Frukta kan deretter etast naturell. Ho kan også serverast i fruktsalat, saman med is eller krem eller nyttast i fruktbowle.

Næringsinnhald

Rambutan er rik på C-vitamin og mineral. Sidan vi berre et han i små mengder, har han lite å seia ernæringsmessig.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Kvalitetskrav

Rambutan skal ha mørkeraudt eller kastanjefarga skal. Håra som dekkjer frukta, skal ikkje vera visne eller inntørka.

Lagring

8–12 °C. Rambutan har relativt god haldbarheit når han vert lagra rett. Pass på å ikkje lagra han for kjølig (då kan han få kuldeskadar), og pass på at det er rett luftfukt.

CC BY-NC-NDRettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 26.05.2020

Læringsressursar

Steinfrukter