Hopp til innhald

Fagstoff

Litchi

Litchi kjem opphavleg frå Kina der frukta har vore dyrka i over 2000 år. På kinesisk heiter frukta lee chee, og ho har faktisk vore brukt til å betala skatt i rett gamle dagar.
Litchi frukt mot kvit bakgrunn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Litchi har vore rekna som ei av dei mest fornemme fruktene i Kina, og er i nær slekt med liknande frukter som rambutan og longan. Litchi vert også kalla for kjærleiksfrukt. Ho veks på tre i klasar på 20 til 30 frukter.

Frukta er oval og på storleik med ei valnøtt. Ho har tynt, sprøtt, raudbrunt, hardt og knudrete skal. Skalet er lett å fjerna: som om det var eit hardkokt egg. Fruktkjøtet er kvitt, glinsande og saftig, og smaken er utsøkt mild, søt, krydra og aromatisk. I midten er det ein brun, hard kjerne som ikkje kan etast.

Bruksområde

Vi skreller litchi ved å fjerna skalet med fingrane eller ein spiss kniv. Frukta kan deretter etast naturell. Ho er god i fruktsalat og kan dessutan serverast til dessert saman med is eller krem. Litchi kan også nyttast i fruktbowle saman med andre eksotiske frukter.

Næringsinnhald

Litchi er rik på C-vitamin og mineral. Sidan frukta vert eten i små mengder, har ho liten næringsverdi.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Kvalitetskrav

Frukta skal vera hausta mogen sidan ho ikkje kan mognast vidare etter innhausting. Skalet skal då vera knudrete og brunt eller raudbrunt i fargen.

Lagring

4–8 °C. Litchi har relativt god haldbarheit ved rett lagring. Pass på at luftfukta er rett, og at frukta ikkje vert lagra for kjølig, då ho kan få kuldeskadar.

CC BY-NC-NDRettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 17.04.2020

Læringsressursar

Steinfrukter