Hopp til innhald

Fagstoff

Mango

Mango kjem truleg opphavleg frå India, men blir i dag dyrka i alle tropiske og subtropiske område. Frukta er ei av dei vi et mest av i verda etter banan. Mango blir som regel importert umogen og må mognast ved 18–20 °C. Mogen mango skal vere litt mjuk. Fruktkjøtet har ein søt, tropisk aroma.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Variantar

Det finst over tusen sortar mango, og storleiken varierer frå 100 gram til fleire kilo. Mango er anten rund, oval eller hjarteforma. Fargen på skalet varierer mellom grønt, gult og raudt, og fruktkjøtet er guloransje og svært saftig. Inne i frukta er ein flat stein som heng fast i fruktkjøtet, og som må skjerast ut med kniv.

Bruksområde

Mango-og-lime-sorbé servert i glas. Foto.

Vi må dele mango før bruk. Vi kan ete han , i dessert eller som tilbehøyr til ulike retter. Den spesielle, kraftige og søte mangosmaken passar godt til kjøt, fugl eller fisk. Vi kan også mose mango til saus og tilsetje litt sukker. Det er nydeleg til is. Mangochutney blir gjerne laga av umogen mango.

Næringsinnhald

Mango er svært rik på A-vitamin og inneheld dessutan ein del C-vitamin og mineral.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Kvalitetskrav

Dame et fruktsalat. Foto.

Mango kan ha ulike fargar i skalet. Fargane seier ikkje noko om mogningsgraden, så han kan godt vere mogen sjølv om han er heilt grøn. Mogen mango skal gi lett etter for trykk og duftar sterkare enn mango som er hard og umogen. Mogen frukt kan ofte ha små, svarte prikkar i skalet. Det indikerer at sukkerinnhaldet er høgt. Skalet skal vere fast og glatt utan teikn til mørke flekker eller ròte. Ein heilt mjuk mango med litt skrukkete skal treng ikkje vere dårleg, men det er eit teikn på at han er etemogen.

Lagring

8–12 °C. Kor haldbar mangoen er, kjem an på kvar han er i mogningsprosessen. Ein mogen mango har kortare haldbarheit enn ein umogen. Umogen mango bør lagrast i romtemperatur for at han skal mognast raskare.

CC BY-NC-NDRettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 28.04.2020

Læringsressursar

Steinfrukter