Hopp til innhald

Fagstoff

Fersken

Fersken høyrer til same plantefamilien som plommer, mandlar og aprikos. Han kjem opphavleg frå Kina, der frukta har vore kjend og dyrka i over 4000 år. Til Europa kom frukta om lag 300 år før Kristus.
Ferskenfrukt heng på treet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

No vert ho dyrka over heile verda og finst i mange ulike variantar med ulik form, aroma, farge og storleik. Fruktkjøtet er anten kvitt eller gult med ein stor stein i midten. Alt etter kva sort det er, er kjernen lettare eller vanskelegare å fjerna. Fersken er på storleik med eit eple. Skalet er raudgult med eit tynt, dunete belegg.

Bruksområde

Desserten Fersken Melba i eit dessertglass. Foto.

Fersken vert eten naturell, åleine som mellommål eller som dessert. Frukta passar godt til fruktsalat og som tilbehøyr til varme retter. Fersken kan nyttast til fyll i kaker eller til kompott.

Næringsinnhald

Fersken er kalorifattig. Frukta inneheld også mykje A-vitamin og noko mineral.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Kvalitetskrav

Fersken er ei svært ømtolig frukt og får lett skadar ved trykk og støytar. Pass derfor på at frukta er heil og utan sprekker eller mørke flekker. Skalet skal vera glatt. Storleiken kan variera avhengig av sortering og kvalitet. Etemogen frukt gir lett etter for eit svakt trykk. For å behalda kvaliteten på frukta er det viktig å vera svært forsiktig ved handtering.

Lagring

0–2 °C. Mogen fersken har litt kortare haldbarheit enn umogen frukt. Fersken skal oppbevarast så lågt ned mot 0 °C som råd. Likevel kan frukta få kjøleskadar dersom ho vert lagra i lang tid ved denne temperaturen. Pass på at frukta ikkje vert våt. Det kan raskt øydelegge skalet og framskunde muggdanning.

CC BY-NC-NDRettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 26.05.2020

Læringsressursar

Steinfrukter