Kirsebær
Kirsebær kjem opphavleg frå området rundt Adriahavet, men veks no vilt fleire stader i Europa og andre delar av verda. Mange har også desse fruktene på eigne tre i hagen. Kirsebær har mørk raud farge på skal og fruktkjøt og smakar surt. Frukta vert derfor mest nytta til safting eller anna foredling.
Kirsebær har ein svært sur og syrleg smak og passar best til å verta konservert. Bæra kan likevel etast naturelle saman med yoghurt eller i fruktsalat. Ved foredling er surkirsebær eigna til saft-, vin- og likørproduksjon. Frukta kan også nyttast til kompott eller syltetøy.
Kirsebær skal vera reine, heile, faste i skalet og utan sprekker eller andre skadar. Dei skal også vera fri for skadar påførte av insekt og fuglar. Skalet skal vera blankt utan mjuke eller mørke flekker. Mogne kirsebær skal ha djup raud farge.
Kirsebær er kalorifattig. Frukta inneheld ein del jern og fosfor i tillegg til A-, B- og C-vitamin.
Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.
0–2°C. Kirsebær har kort haldbarheit og bør oppbevarast så nær 0– 2 °C som mogleg, og med høg luftfukt.
Juni–september.