Hopp til innhald

Fagstoff

Daddel

Daddel er ei gammal kulturplante. Opphavleg kjem daddelen frå India, der han vart dyrka for over 8000 år sidan. I dag blir dadlar dyrka mest i Nord-Afrika og i Midtausten. Frukta veks på palmar, der dadlane heng under palmeblada i store klasar. Kvar klase kan innehalde meir enn 2000 dadlar.
Tørka og fersk daddel på eit bord. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Daddel er ei steinfrukt med ein avlang, hard kjerne. Frukta er oval i forma og ca. 3–5 cm lang. Skalet er tynt og sprøtt, blankt og brunt i fargen og kan etast. Sjølve fruktkjøtet er gulbrunt og smaker søtt. Dadlar blir etne både ferske og tørka, men det meste som blir selt i Noreg, er tørka. På grunn av det høge sukkerinnhaldet er dadlar ofte klisne.

Bruksområde

Dadlar er gode å eta naturelle som snacks. Dei kan delast og reinskast og takast med i fruktsalatar, som kakefyll eller i pai. Den søte smaken er ein spennande kontrast i skinke- og ostesalat. Dei kan også nyttast til konfekt. Ta ut kjernen og fyll holrommet med marsipan eller mandelmasse og dypp daddelen i smelta sjokolade. Strø på med kokosmasse.

Næringsinnhald

Daddelen er viktig i ernæringa i dei landa frukta kjem frå. Ho er kaloririk og inneheld A- og B-vitamin i tillegg til mineral: særleg kalium, kalsium, fosfor og jern. Sidan frukta berre inneheld 27 prosent vatn, kan vi sjå ho som eit konsentrert protein-, vitamin-, fruktsukker- og fibertilskot.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Kvalitetskrav

Dadlar skal vere blanke i skalet utan sprekker eller andre skadar. Dei må ikkje vere uttørka.

CC BY-NC-NDRettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 17.04.2020

Læringsressursar

Steinfrukter