Hopp til innhald

Fagstoff

Nektarin

Nektarin er ein nær slektning av fersken, men i motsetnad til fersken har nektarin glatt skal. Han er vanlegvis noko mindre enn fersken. Som fersken høyrer nektarin til same plantefamilie som plommer, mandlar og aprikos, og kjem opphavleg frå Kina.
Hele og halve nektarinar på eit bord. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sjølve namnet har han fått etter nektar, som er rekna for å vera «drikken til gudane«, sidan han har så god smak.

Frukta vert dyrka over store delar av verda og finst i mange variantar. Skalet er raudleg med gult skjær. Fruktkjøtet er gult og inneheld ein stor kjerne i midten. Avhengig av sort er kjernen lettare eller vanskelegare å fjerna. Smaken er noko sterkare og meir aromatisk enn hos fersken.

Bruksområde

Bakt nektarin med mascarpone. Foto.

Nektarinar kan etast naturelle, åleine som mellommål eller som dessert. Frukta passar også godt til fruktsalat eller som tilbehøyr til varme retter. Nektarin kan også nyttast til fyll i kaker og til kompott.

Næringsinnhald

Nektarin er kalorifattig. Frukta inneheld også mykje A-vitamin og noko mineral.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Kvalitetskrav

Nektarin er ei svært ømtolig frukt og får lett skadar ved trykk og støytar. Pass derfor på at frukta er heil og utan sprekker eller mørke flekker. Skalet skal vera glatt. Etemogen frukt gir lett etter for eit svakt trykk. Frukta må handterast svært forsiktig for å halda kvaliteten.

Lagring

0–2 °C. Ein mogen nektarin har noko kortare haldbarheit enn umogen frukt. Pass på å lagre nektarin på låg temperatur – så lågt ned mot 0 °C som mogleg. Pass på at frukta ikkje vert våt, då dette raskt kan øydeleggja skalet og framskunda muggdanning.

CC BY-NC-NDRettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 17.04.2020

Læringsressursar

Steinfrukter