Hopp til innhald

Fagstoff

Pomelo

Pomelo er ei stor pæreforma sitrusfrukt som opphavleg kjem frå Søraust-Asia. Han er i familie med grapefrukt og finst både som blond med gult fruktkjøt og som raud med raudleg fruktkjøt. Pomelo kan verta opptil 20–25 cm i diameter, og skalet er grøngult og ganske tjukt.
Ein hel og ein delt pomelo frukt mot kvit bakgrunn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Pomelo har eit fruktkjøt som er delt inn i lommer mellom kraftige hinner. Desse hinnene er seige og ikkje gode å eta. Smaken på fruktkjøtet er frisk, fin og søt, men med ein noko tørrare konsistens enn grapefrukt og utan den beiske nyansen i smak. Dei raude variantane er søtare på smak enn dei blonde.

Bruksområde

Pomelo kan etast naturell eller nyttast i ulike typar fruktsalat. Han kan serverast til forrett eller etast som eit lite mellommåltid. Pomelo har eit tørt, nydeleg fruktkjøt, men dette eignar seg ikkje til å pressa jus av. Det vert sagt at pomelo er ei familiefrukt. Skjer opp det tjukke skalet i ca. 3 centimeters striper frå toppen mot botnen av frukta, ta av skalet halvvegs ned, skjer nokre hakk i fruktkjøtet, og set fram frukta på eit fat. No kan familien plukke bitar av fruktkjøtet som om det var druer på ein klase. Dersom skalet ikkje er sprøyta, kan det nyttast til bakverk eller til produksjon av marmelade.

Næringsinnhald

Pomelo inneheld mineral og C-vitamin. Han er kalorifattig og inneheld ei aning av bitterstoffa naringin og kinin.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Kvalitetskrav

Pomelo skal vera rein og fri for sprekker, mjuke flekker eller misfarging av fruktkjøtet. Skalet skal vera blankt og fast utan mugg. Mindre flekker kan finnast på skalet, men dette er ofte som resultat av vindstøytar under vekstperioden og har ikkje noko å seia for kvaliteten.

Lagring

10–12 °C. Pomelo har svært god haldbarheit og kan lagrast i veker. Haldbarheita kan variera noko mellom dei ulike sortane.

CC BY-NC-NDRettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 26.05.2020

Læringsressursar

Sitrusfrukter