Hopp til innhald

Fagstoff

Grapefrukt

Grapefrukt er ei ung sitrusfrukt. Ho vart først oppdaga i Puerto Rico i 1750. Seinare kom ho til Florida, der ho først vart dyrka i større omfang. USA er den største grapefruktprodusenten i verda med produksjon hovudsakleg i Florida og Texas.
To heile og ein halv grapefrukt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ein reknar med at grapefrukt har oppstått som ei kryssing mellom appelsin og pomelo. Sitrusfrukta har fått namnet sitt fordi ho veks i klasar som druer. Drue heiter grape på engelsk.

Variantar

Grapefrukt finst i mange ulike variantar og vert delt inn i to hovudgrupper: kvit (eller blond) og variantar med raudt eller rosa fruktkjøt. Grapefrukt har ein frisk, syrleg smak med ein bitter nyanse. Dei rosa og raude variantane er noko mildare og søtare på smak enn dei kvite. Gjennom åra har det vorte utvikla sortar som no stort sett er utan steinar.

Bruksområde

Frokost med grapefrukt, brød, egg, juice og kaffe. Foto.

Grapefrukt vert eten naturell eller pressa til jus. Vi kan løyse fruktkjøtet frå ei delt grapefrukt frå skalet med ein grapefruktkniv, og båtane kan vi eta med skei. Smaken gjer at grapefrukta passar godt til frukostfrukt eller som ein liten forrett. Ei halv grapefrukt til frukost er ein frisk start på dagen og gir mange nødvendige vitamin. Ho er også god i fruktsalat saman med anna frukt.

Næringsinnhald

Et glass med sorbet. Foto.

Den litt bitre smaken kjem av at grapefrukt inneheld bitterstoffa naringin og kinin. Frukta er rik på mineral og C-vitamin. Det er ei mager frukt vi kan eta ved alle slags høve med godt samvit.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Kvalitetskrav

Grapefrukta skal ha blankt, glatt skal og vera rein og fri for sprekker. Ho skal ikkje ha mørke eller mjuke flekker, misfarging eller soppvekst, og fruktkjøtet skal ikkje vera uttørka. Skalet kan få mindre flekker på grunn av vindstøytar under veksttida, men dette har ingenting å seia for kvaliteten.

Lagring

10–12 °C. Grapefrukt held seg svært godt og kan lagrast i veker. Haldbarheita kan variera noko mellom dei ulike sortane.

CC BY-NC-NDRettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 26.05.2020

Læringsressursar

Sitrusfrukter