Hopp til innhald

Fagstoff

Sweetie

Sweetie er ei relativt ny sitrusfrukt og ei krysning mellom blond grapefrukt og pomelo. Han er stor som ei grapefrukt, og skalet er grøngult. Frukta kjem frå den nordlege delen av Israel.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fruktkjøtet på sweetien er steinfritt, saftig og søtt i smaken. Sweetien har ikkje den sneven av bitterheit som ein finn hos grapefrukt, men smaken er faktisk søt og fyldig. Med andre ord er sweetie («søtsak») eit namn som passar bra på denne frukta. Sweetie er etemogen sjølv om skalet er grøngult og får han til å sjå umogen ut.


Bruksområde

Jus av sweetie i eit glas. Foto.

Vi et sweetie eller pressa til jus. Vi kan losne fruktkjøtet frå ein delt sweetie frå skalet med ein grapefruktkniv, og ete båtane med skei. Sweetie har ein frisk og god smak. Dette gjer at frukta passar godt som frukostfrukt på same måten som grapefrukt eller som eit lite mellommåltid. Ein halv sweetie til frukost er ein frisk start på dagen og gir mange vitamin som vi treng. Han er også god i fruktsalat saman med anna frukt.

Eigenskapar

Sweetie er rik på mineral og C-vitamin. Det er ei mager frukt som kan etast ved alle slags høve med godt samvit.

Kvalitetskrav

Sweetie skal ha blankt, glatt skal, vere fri for sprekkar og ikkje ha spor av mjuke flekker eller soppvekst.

Lagring

10–12 °C. Sweetie har svært god haldbarheit og kan lagrast i veker.

CC BY-NC-NDRettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 26.05.2020

Læringsressursar

Sitrusfrukter