Hopp til innhald

Fagstoff

Klementin

Klementinen er sannsynlegvis ei tilfeldig krysning mellom mandarin og pomerans. Namnet klementin er laga etter namnet til lekbroren Clément, som oppdaga sorten i Algerie omkring år 1900.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Klementinar er vanlegvis steinfrie, men det kan vere steinar i dei. Dei har god smak, med perfekt balanse mellom sukker og syre. Klementin er ei flattrykt frukt med tynt, oransje skal.


Variantar

Det finst fleire variantar av klementinar. Det er ikkje er så lett å sjå skilnaden på dei for andre enn spesialistar, og dei blir alle pakka og eksporterte som klementinar. Dei tidlegaste variantane i Spania heiter marisol og oroval. Hovudsortane i Marokko heiter fina. Den var tidlegare også den viktigaste i Spania, der han har vorte erstatta av clemenules, som gir frukt med betre storleik. Spanske hernandina og marokkanske nour har gjort det mogleg å forlengje sesongen til langt ut i februar.

Vi kjøper det meste av klementinane våre frå Spania og Marokko i perioden oktober–februar. Dei kan også skaffast frå Korsika, der det er vanleg at ein del av kvisten med grøne blad heng på frukta. Spania, Marokko og Korsika var lenge dei einaste i verda som produserte klementinar, men no har også Sør-Afrika starta, og frå juli til august får vi klementinar derifrå.

Bruksområde

Klementinar blir i hovudsak etne , som ei naturleg og velsmakande forfrisking når som helst, eller til dessert. Dei blir også nytta i fruktsalatar, i dessertar, som kakepynt og som pynt på ostefat og anna.

Næringsinnhald

Som alle andre sitrusfrukter er klementinar rike på C-vitamin.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Kvalitetskrav

Klementinar skal vere heile, sunne og frie for sår og skadar i skalet. Fruktene skal ikkje ha framand lukt eller smak, dei skal vere saftrike, og dei skal vere velforma og ha jamn storleik.

Lagring

0–2 °C. Det er stor variasjon i kor lenge dei ulike variantane held seg. Haldbarheita er også avhengig av kor mogen frukta er.

CC BY-NC-NDRettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 26.05.2020

Læringsressursar

Sitrusfrukter