Hopp til innhald

Fagstoff

Ugli

Ugli vart funnen på Jamaica på byrjinga av 1900-talet og er sannsynlegvis ei kryssing mellom tangerin, appelsin og grapefrukt.
Ein hel og ein halv ugli frukt mot kvit bakgrunn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ugli er litt større enn grapefrukt og har ei ujamn, rund form. Skalet er grovpora, gulgrønt og lett å skrella av. Fruktkjøtet er guloransje, mjukt og svært saftig med frisk og aromatisk smak. Ugli er eit varemerke registrert på Jamaica.

Namnet kjem frå engelske ugly, som tyder stygg. Denne frukta har ikkje utsjånaden med seg, men tek kraftig igjen på smak og aroma.

Bruksområde

Ugli kan nyttast både som appelsin og som grapefrukt. Frukta kan skrellast og etast i båtar eller delast på midten og etast med skei rett frå skalet. Vi kan også nytta Ugli – som andre søte sitrusfrukter – i dessertar eller salatar eller til is eller kaker.

Eigenskapar

Ugli har som alle sitrusfrukter mykje C-vitamin.

Kvalitetskrav

Ugli skal ha gulgrønt skal som ofte kan ha små brune flekkar. Dette er heilt normalt for frukta. Ugli skal vera fri for mjuke flekker og soppvekst.

Lagring

8–10 °C. Ugli er svært haldbar og kan lagrast i veker ved optimal temperatur og fukt.

CC BY-NC-NDRettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 26.05.2020

Læringsressursar

Sitrusfrukter