Hopp til innhald

Fagstoff

Appelsin

Namnet appelsin er lånt frå den tyske nemninga Apfelsine, som betyr kinesisk eple. Frå 1500-talet er planten kjend i Europa som prydbusk, medan fruktproduksjonen tok til i Europa på byrjinga av 1800-talet.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Somme forskarar hevdar at appelsinen stammar frå området mellom det sørvestlege Kina og de nordaustlege India, medan andre held ein knapp på området mellom det sørlege Kina og Vietnam.

Historisk sett er det truleg snakk om såkalla sure eller bitre appelsinar (Citrus auratium) heilt fram til 1400-talet. Døme på slike appelsinar er pomerans og bergamottappelsin. Begge er nærast uetande, men blir brukte til eteriske oljar, til sukat og marmelade, og som podeplantar for andre sitrusfrukter.

Variantar

Appelsinar som heng på tre. Foto.

Vi deler gjerne appelsinar inn i to hovudgrupper: blonde appelsinar og raude appelsinar. Blonde appelsinar har gult fruktkjøt. Raude appelsinar har eit meir eller mindre raudt fruktkjøt. Det finst også mange ulike appelsinvariantar. Somme blir dyrka for ferskvarekonsum, medan andre blir dyrka berre for å lage jus. Over ein tredel av produksjonen går til jusproduksjon. Appelsin er den viktigaste trefrukta i verda.

Bruksområde

Vi et appelsinane , eller vi pressar dei til jus. Dei har eit rikt bruksområde, og vi bruker dei til salat, fruktsalat, saus og garnityr, til pynt på smørbrød, til is og til marmelade. Når vi bruker skalet til marmelade, er det viktig å skrubbe det godt først for å fjerne restar av voks.

Eigenskapar

Tallerken med appelsinsalat. Foto.

Appelsin inneheld mykje C-vitamin (40–80 mg per 100 g, avhengig mellom anna av sort) i tillegg til rundt 13 andre vitamin i mindre omfang. Dessutan inneheld appelsinen ei betydeleg mengd av minerala fosfor, jern og kalium. Generelt kan vi seie at appelsinar kjem som sende frå himmelen i dei mørkaste månadene av året.

Næringsinnhald

Appelsinen er den viktigaste kjelda vår til C-vitamin. Han er også ei god kjelde til B-vitaminet folat og mineralet kalium.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Kvalitetskrav

Appelsinen skal vere frisk og ha jamn farge utan grøne flekker. Fruktkjøtet skal verke fast utan teikn til blaute flekker. Appelsinen skal vere saftig og velsmakande, ha eit skal som losnar lett, og innehalde få steinar.

Lagring

2–4 °C. Appelsinar inneheld ikkje stivelse i fruktkjøtet og kan derfor ikkje ettermognast. Det vil seie at frukta er på det friskaste og mest mogne på det tidspunktet då ho blir hausta. I romtemperatur held appelsinar seg i 1–2 veker.

CC BY-NC-NDRettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 26.05.2020

Læringsressursar

Sitrusfrukter