Hopp til innhald

Fagstoff

Sitron

Sitron er frå gammalt av kjend som krydder- og medisinalvekst. Han kjem opphavleg frå områda sør for Himalaya. Seinare vart planten ført vidare til Europa av Columbus. No er det produksjon av sitron i landa kring Middelhavet og USA.
Gule, modne sitronar i eit tre. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sitron vert hausta mogen som andre sitrusfrukter. Skalet kan då framleis vera noko grønt, men dette skiftar til gult etter kvart. I landa der sitronane vert hausta, sel ein dei gjerne grøne. Som regel er det sjølve safta frå sitronen og det rivne skalet som vert nytta til matlaging og drikke. Sitron har ein syrleg smak og er svært rik på C-vitamin.

Bruksområde

Sitronfromasj klar til servering. Foto.

Sitronsaft og rive skal vert nytta til smakssetting i matrettar, bakverk, drikkar, sorbear og anna. Båtar eller skiver av sitron kan serverast til svinekjøt, skaldyr, wienersnitsel og mange fiskeretter. Til fisk kan pressa sitron erstatta feite sausar. Sitronskiver vert nytta i te og som smakssetjing i drikkevatn. Sitronen er dekorativ som pynt på matfata. Nokre dropar sitron hindrar misfarging av oppkutta frukt og grønsaker som t.d. avokado og eple.

Næringsinnhald

Sitron er rik på C-vitaminar og kalsium.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Kvalitetskrav

Sitron skal vera blank, heil og velforma utan teikn til brune eller mjuke flekker. Han bør minst ha eit tverrsnitt på 45 mm for å ha rett storleik. Eit godt kvalitetsteikn er at fruktene er tunge i høve til storleiken.

Lagring

Sitronar har i utgangspunktet lang haldbarheit. Dei kan koma inn grøne til leverandøren, og er då haldbare i månader. Når skalet er vorte gult, kan dei framleis halda seg i veker under optimale lagringsforhold.

CC BY-NC-NDRettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 26.05.2020

Læringsressursar

Sitrusfrukter