Hopp til innhald

Fagstoff

Lime

Lime (uttalt «laim») kjem opphavleg frå Søraust-Asia og veks no i tropiske og subtropiske område. Han toler ikkje frost, og produksjonen er såleis liten i Europa, men han veks vilt somme stader i Amerika.
Ein hel og ein delt lime. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lime er nært i slekt med sitron, men er mindre i storleik. Skalet er tynt og grønfarga, og smaken er mildare og meir aromatisk enn hos sitron. Fruktkjøtet er saftig og har ein lys gulgrøn farge.

Variantar

Eit glass med mojito.Foto.

Lime gir vanlegvis større saftutbytte enn sitron. Det er gjennom åra kryssa fram fleire variantar av lime, og han finst i dag både med og utan steinar, i ulike storleikar og med ulik haldbarheit.

Bruksområde

Saft og skal frå lime kan nyttast til å setja smak på matretter, bakverk, drikkar, sorbéar og anna. Lime som er kutta i båtar, kan serverast til svinekjøt, wienersnitsel, fiskeretter og mange orientalske retter. Lime er spesielt godt til mange fiskeretter. Frukta kan også pressast og safta nyttast som salatdressing eller i vanleg vatn og gir ein frisk smak til drikke ved bordet. Ho er også dekorativ pynt på fat.

Næringsinnhald

Ceviche med estragon. Foto.

Lime har som andre sitrusfrukter eit stort innhald av C-vitamin. Frukta inneheld også ein del kalsium og noko B-vitamin.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Kvalitetskrav

Lime skal vera blank, heil og velforma utan teikn til brune flekker, innskrumping eller uttørking. Han skal heller ikkje ha mjuke flekker eller teikn til skimmel. Fargen skal vera klar og grøn, men kan ha noko gulning på delar av skalet. Dette har ikkje noko å seia for kvaliteten.

Lagring

8–10 °C. Lime har ganske god haldbarheit ved rett temperatur og luftfukt.

CC BY-NC-NDRettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 26.05.2020

Læringsressursar

Sitrusfrukter