Hopp til innhald

Fagstoff

Sosial mobilitet: føresetnader og konsekvensar

Kva gjer at nokon klatrar opp, mens andre fell ned på den sosiale rangstigen? Nokre samfunn har høg sosial mobilitet, mens andre har låg, og kva slags samfunn du veks opp i, kan få store konsekvensar for moglegheitene dine.
Fem personar klatrar opp kvar sin stige. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sosial mobilitet handlar om korleis du beveger deg opp og ned på den sosiale rangstigen og får meir eller mindre lønn, status og prestisje. Det kan handle om at du får meir eller mindre status og lønn enn foreldra eller besteforeldra dine (intergenerasjonell mobilitet), eller at du sjølv beveger deg opp eller ned den sosialen rangstigen i løpet av yrkeslivet ditt (intragenerasjonell mobilitet).

Du kan klatre opp eller ned den sosiale rangstigen ved hjelp av yrke, utdanning og inntekt. Vi kan derfor skilje mellom yrkesmobilitet, utdanningsmobilitet og økonomisk mobilitet.

  • Yrkesmobilitet er moglegheita for å byte yrke. Du kan til dømes måle kor mange barn av foreldre med arbeidarklasseyrke som endar opp i middelklasseyrke.

  • Utdanningsmobilitet er moglegheita for å ta høgare utdanning. Du kan til dømes finne ut kor mange barn av foreldre med låg utdanning som tek høg utdanning.

  • Økonomisk mobilitet er moglegheita for å få høgare lønn og betre inntekt. Du kan til dømes studere kor mange barn av foreldre med låg inntekt som får høg inntekt.

'

Tre jenter med kvar sin berbare PC sit rundt eit bord og pratar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Føresetnader for sosial mobilitet

Moglegheitene dine for å klatre opp eller ned på samfunnsstigen vil både vere avhengige av dei individuelle eigenskapane dine og strukturelle trekk ved det samfunnet du er ein del av.

Individuelle føresetnader

Det finst fleire ulike individuelle eigenskapar som kan hjelpe deg å klatre oppover samfunnsstigen. Det kan vere evner, talent, personlegdomstrekk, viljestyrke, motivasjon eller arbeidsdisiplin. Dersom du har eit idrettstalent, kan du til dømes få idrettsstipend som kan hjelpe deg vidare.

Kva for individuelle eigenskapar som er viktige for å lykkast, vil variere frå samfunn til samfunn. I Noreg er utdanning viktig, og for å lykkast i utdanningssystemet krevst det både arbeidsdisiplin og intellektuelle ferdigheiter og interesser. Om du klatrar, vil òg vere avhengig av dine eigne val, og kor mykje du til dømes ønskjer og verdset utdanning og økonomisk suksess.

Kva for individuelle eigenskapar trur du er viktigast for å lykkast i Noreg i dag?

Det kan vere vanskeleg å skilje mellom kva som er individuelle val og personlege eigenskapar, og kva som er påverknad frå familie og det sosiale miljøet. Ifølgje sosiologen Bourdieu vil barn av rike og høgt utdanna foreldre få større økonomiske ressursar. Dei vil òg få kulturell kunnskap i form av eit bestemt språk og ein bestemd smak og veremåte. I tillegg vil dei ofte få eit sosialt kontaktnett i privilegerte miljø. Dette ville ikkje berre gjere det lettare for desse barna å kome seg opp og fram i samfunnet, det vil òg kunne påverke interessene og motivasjonen deira og kor høgt dei til dømes verdset utdanning og sosiale posisjonar.

Strukturelle føresetnader

Sjansane dine for å lykkast i samfunnet vil òg i stor grad vere avhengige av samfunnsstrukturen. I Noreg har det til dømes vore ein auke i sosial mobilitet dei siste hundre åra, noko som mellom anna kjem av dei følgjande strukturelle føresetnadene:

  • Utdanningsmoglegheiter: Moglegheita for utdanning er ein viktig føresetnad for sosial mobilitet. I Noreg bidreg gratis utdanning og moglegheita til å ta opp studielån til at fleire kan ta høgare utdanning.

  • Endringar i arbeidsmarknaden: Ledige yrkesposisjonar høgare opp i samfunnshierarkiet kan auke den sosiale mobiliteten. I Noreg dei siste hundre åra har det til dømes vore vekst i middelklasseyrke som krev høgare utdanning og ein nedgang i yrke knytte til landbruk, fiske og industri.

  • Teknologisk utvikling og produktinnovasjonar: Nye yrke og bransjar, som ikkje er dominerte av tradisjonelle elitar, kan opne nye moglegheiter for sosial mobilitet. Veksten i IT-bransjen har til dømes gitt store moglegheiter til entreprenørar med digital kompetanse.

  • Økonomisk vekst: Når det er høg økonomisk vekst, får fleire moglegheit til å tene pengar. Det gjer at arv blir mindre viktig, og at den sosiale mobiliteten kan auke.

  • Sosial likskap og statleg omfordeling: Det er mindre sosial mobilitet i samfunn med store forskjellar. I Noreg speler staten ei viktig rolle i å dele ut ressursar og til dømes finansiere barnehagar, omsorgspermisjonar, helse og utdanning. Dette har til dømes bidrege til at kvinner har opplevd auka sosial mobilitet dei siste femti åra.

Samanlikna med andre land har Noreg relativt høg mobilitet. Dei siste åra har vi likevel fått meir ulikskap i Noreg, og det er tendensar til at den sosiale mobiliteten mellom dei aller fattigaste har vorte dårlegare.


Tre teoriar om utdanningsulikskap

Kvifor er det meir sannsynleg at barn av foreldre med høg utdanning tek høgare utdanning enn barn av foreldre med låg utdanning? Den franske sosiologen Raymon Boudon peikar på tre moglege forklaringar:

  • Verditeorien: Oppvekstmiljøet påverkar normer og verdiar, og barn av foreldre med låg utdanning verdset ikkje utdanning like mykje som foreldre med høg utdanning. Dei har derfor lågare interesse og motivasjon for å ta utdanning.

  • Kulturteorien: Barn av foreldre med høg utdanning har betre føresetnader for å lykkast i skulen. Barn av foreldre med høg utdanning har meir kulturell kapital og meistrar betre det språket som gjer at du lykkast i skulen.

  • Sosial posisjons-teorien: Å ta høgare utdanning er ei rasjonell avgjerd. Barn av foreldre med låg utdanning har meir å tape og mindre å vinne på å ta høgare utdanning sidan det vil føre dei vekk frå det sosiale miljøet dei har vakse opp i.

Slumområde i Mumbai i India. Skyskraparar i bakgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Konsekvensar av høg og låg sosial mobilitet

I Noreg er det brei politisk semje om at høg sosial mobilitet er eit ideal, men auka sosial mobilitet kan ha både negative og positive konsekvensar.

Høy sosial mobilitet

I eit samfunn der det er lettare å klatre på den sosiale rangstigen, vil vi kunne få auka geografisk mobilitet. Fleire flyttar til dømes frå bygda til byen for å ta høgare utdanning. Høg sosial mobilitet vil òg kunne føre til auka individualisering. Enkeltindivid blir i større grad overlatne til seg sjølve og sin eigen karriere og får mindre tilhøyrsel til familie, tradisjonar og heimstad.

For mange vil høg sosial mobilitet bety auka fridom og moglegheiter, samtidig som dei òg kan oppleve auka uvisse og ansvar. For mange vil det opplevast som rettferdig at alle i samfunnet har relativt like moglegheiter til å lykkast. Det vil òg kunne auke motivasjonen og innsatsen og sørgje for at dei som har best evner og arbeider hardast, får dei viktigaste, mest utfordrande og best betalte jobbane i samfunnet.

Høg sosial mobilitet vil likevel òg kunne føre til auka sosial avstand og isolasjon. Ifølgje sosiologane Richard Sennet og Jonathan Cobb vil dei som ikkje lykkast i samfunn med sosial mobilitet, kunne få lågare sjølvkjensle og klandre seg sjølv for at dei ikkje har lykkast. Dersom dei får barn som lykkast, vil dei i tillegg kunne oppleve at barna fjernar seg frå dei og endrar språk, vanar og livsstil.

Låg sosial mobilitet

På den eine sida kan låg sosial mobilitet føre til større tryggleik, tilhøyrsel og samhald sidan alle kjenner plassen sin i samfunnet. På den andre sida vil dei manglande moglegheitene opplevast som urettferdig og føre til sosial uro og opptøyar. Det vil òg føre til at samfunnet blir mindre fleksibelt og effektivt sidan posisjonane blir arva og ikkje fordelte etter innsats og evnar.

Sosial mobilitet og ulikskap

Det er ein samanheng mellom sosial mobilitet og sosial ulikskap. I samfunn med stor ulikskap kan det det ofte vere mindre sosial mobilitet. Samtidig kan òg ei viss grad av sosial mobilitet brukast til å forsvare sosiale forskjellar. I USA vil fleire hevde at dei økonomiske forskjellane er rettferdige sidan alle har sjansen til lykkast dersom dei berre arbeider hardt nok.

Forskarane Wilkinson og Pickett (Schiefloe, 2019, s. 291) har samanlikna land med høg og låg sosial ulikskap. Dei fann at land med høgare sosial ulikskap har fleire helseproblem, til dømes auka rusbruk, dårlegare mental helse, lågare levealder og meir overvekt. Dei har òg dårlegare skuleresultat, fleire i fengsel og større valdsbruk blant unge.

I samfunn med stor ulikskap og låg sosial mobilitet vil nokre grupper i samfunnet bli låste fast på botnen. I samfunn med stor ulikskap er det mindre tillit mellom samfunnsindivida. Meir ulikskap vil òg kunne føre til sosial luking. Det vil seie at somme blir ekskluderte eller avgrensa frå deltaking. Næringslivseliten kan til dømes prøve å overføre ressursane og privilegia sine til ungane sine. Då kan dei både tilsikta og utilsikta bidra til at barn med ein annan sosial bakgrunn får mindre tilgang til høge sosiale posisjonar i næringslivet. Sjølv i Noreg er det ein betydeleg statistisk samanheng mellom posisjonane til foreldra og ungane i den økonomiske overklassen.

Kjelder

Amundsen, B. (2019, 8. mai). Derfor får gutter for dårlige karakterer. Forskning.no. https://forskning.no/skole-og-utdanning/derfor-far-gutter-for-darlige-karakterer/1332125

Dahlgren, K. & Ljunggren, J. (Red.). (2010). Klassebilde. Ulikhet og sosial mobilitet i Norge. Universitetsforlaget.

Giddens, A. & Sutton, P. W. (2017). Sociology (8. utg.). Polity Press.

Grønmo, S., Nilsen, A. & Christensen, K. (Red.). (2021). Ulikhet. Sosiologiske perspektiver og analyser. Fagbokforlaget.

Schiefloe, P. M. (2019). Mennesker og samfunn (3. utg.). Vigmostad & Bjørke.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 10.06.2021

Læringsressursar

Sosial mobilitet